Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Build AS

I denne oppgåva er du tilsett som administrasjonsmedarbeidar i Build AS. Dette er ei bedrift som både har ein nettbutikk for treningsutstyr til heimebruk, og som driv fire treningssenter.
Ein person som løftar vekter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

CASE Buildt AS

Bedrifta vart etablert den 1. august i fjor, og dei har framleis ikkje fått alle rutinar på plass. Administrasjonen held til på Bryne, der dei har hovudkontor og lager.

Build AS har i løpet av dei to siste månadene opna to nye treningssenter i Bergen og Haugesund. Då bedrifta vart etablert i august, hadde ho ti tilsette, og per i dag jobbar det totalt 25 personar i bedrifta.

Bedriftsinformasjon

Postadresse: Postboks 90, 4340 Bryne

Gateadresse: Håland industriområde, Langmyra 101, 4344 Bryne

E-postadresse: post@build.no

Nettadresse: www.build.no

Telefon: 412 21 215

Dagleg leiar: Ylva Stranger

Stabsavdelinga: Ulv Skog, personal-, data- og tryggleiksansvarleg, og du som er administrasjonsmedarbeidar

Økonomiavdelinga: Linda Larsen, økonomisjef, og Runar Håkonsen, rekneskapsmedarbeidar

Salsavdelinga: Lars Hopeland, marknadsansvarleg, Sandra Lilletvedt, salsansvarleg, og Konrad Lye, seljar

Logistikkavdelinga: Jan Gunnar Vea, lagersjef, Vetle Ordrerud, logistikkmedarbeidar, og Trine Lise Andresen, sjåfør

Build Bryne: Eli Gangedal, senteransvarleg, og to instruktørar

Build Kristiansand: Petter Smart, senteransvarleg, og tre instruktørar

Build Haugesund: Laurits Bjørk, senteransvarleg, og ein instruktør

Build Bergen: Sindre Falk, senteransvarleg, og fire instruktørar

Oppgåve 1

  1. Lag ei oversikt over kva for administrative oppgåver du meiner bør løysast i Build AS.
  2. Kva dataprogram har dei behov for?

Oppgåve 2

Bedrifta har ein del korrespondanse. Ylva Stranger ønskjer at bedrifta skal verke seriøs og ryddig, og alle brev som blir sende ut, skal derfor skrivast i tråd med NS4129 og sendast som vedlegg til e-post. Build AS bruker Office 365 og skriv breva sine i Word.

  1. Ylva vil effektivisere arbeidet med brevskriving. Lag ein brevmal i Word med kontaktinformasjonen til bedrifta i botnteksten.

Oppgåve 3

Lars Hopeland har funne eit nyutvikla produkt han meiner kan bli slageren på heimemarknaden i sommar. Han har forfatta eit brev, og han vil at du skal bruke den nye brevmalen til å gjere det ferdig. Lars Hopeland skal sjølv skrive under på brevet.

Innhaldet i førespurnaden

Firmaet vårt vurderer å selje det nye produktet dykkar, Home slide. Denne skøytebanen for montasje i eigen hage ser svært interessant ut.

Før vi går til innkjøp av dette produktet, ønskjer vi å prøve det. Vi lurer i samband med dette på kva de kan tilby. Vi kan vere interesserte i å kjøpe eit prøveeksemplar til redusert pris, eller de kan eventuelt komme til oss med produktet, slik at vi kan teste det ut.

Vi er òg interesserte i eit tilbod på kjøp av 10 stk. Home slide for levering i Bryne innan 15. mai d.å.

Vi ser fram til snarleg svar frå dykk.

  1. Bruk brevmalen og skriv ferdig førespurnaden til Kreativ tank AS, Hans Hansens vei 255, 3021 Drammen.

Oppgåve 4

Build AS ønskjer å utvide vareutvalet sitt med å selje spinningsyklar til heimebruk. Ylva Stranger har undersøkt marknaden og funne to leverandørar ho vil du skal sende ein førespurnad til:

  • Sykkel import AS, Grefsenveien 305, 0485 Oslo
  • Sportsgrossisten AS, Finnbråtavegen 61, 2080 Eidsvoll

I førespurnaden skal du be om tilbod på ein spinningsykkel av god kvalitet, til heimebruk. De ønskjer i første omgang å kjøpe åtte syklar, men reknar med å bestille fleire seinare. Du skal be om pris, betalingsvilkår og leveringsvilkår. Ylva Stranger skal skrive under på breva.

  1. Skriv førespurnadene til dei to leverandørane.

Oppgåve 5

Du har no fått tilboda frå dei to leverandørane av spinningsyklar.

Tilbod frå Sykkel import AS

Sykkel import AS
Grefsenveien 305
0485 OSLO 12. april 202x

Build AS
Postboks 90
4340 BRYNE

TILBOD PÅ SPINNINGSYKKEL TIL HEIMEBRUK

Vi viser til førespurnaden dykkar av 10. d.m., og kan tilby følgjande: Sole Fitness SB700

Dette er ein spinningsykkel av svært god kvalitet. Denne sykkelen tek liten plass og passar godt til heimebruk.

Tekniske fakta: Svinghjul: 22 kg
Motstand: trinnlaus
Justering:
Både sete og styre kan justerast loddrett og vassrett.
Maskinvekt: 64 kg
Maksimal brukarvekt: 135 kg
Drivsystem: Reima
Pedalar: Kombi Fast
Garanti: to år

SB700 er forholdsvis lett å flytte på, ikkje minst takk vere praktiske transporthjul. SB700 passar òg for høge brukarar. Treningscomputeren har bakgrunnsbelyst skjerm som gjer han lesbar sjølv i mørkeret. Sidan treningscomputeren er batteridriven, kan spinningsykkelen plasserast fritt, uavhengig av straumuttak. Styret har doble vassflaskehaldarar. Rettleiande utsalspris inkl. mva. er kr 11 500,-

Pris (ekskl. mva.): kr 6 200,- per sykkel
Leveringsvilkår: fri sending ved kjøp av fleire enn tre syklar
Leveringstid: i løpet av april månad
Betalingsvilkår: 30 dagar kreditt
2 prosent rabatt ved kjøp av minimum åtte syklar

Tilbodet gjeld ut april d.å. Vi takkar for førespurnaden og håpar de finn tilbodet akseptabelt.

Med venleg helsing
Sykkel import AS

André Soltorp
salskonsulent

Tilbod frå Sportsgrossisten As

Sportsgrossisten AS
Finnbråtavegen 61
2080 EIDSVOLL 13.04.202x

Build AS
Postboks 90
4340 BRYNE

TILBOD

Vi takkar for førespurnaden om spinningsykkel og foreslår følgjande sykkel som eit godt val til ein heimesykkel av god kvalitet:

Christopeit Sport XL2

Svinghjul: 15 kg
Motstand: trinnlaus
Justering: Setet kan justerast loddrett/vassrett, og styret kan justerast loddrett.
Maskinvekt: 43 kg
Maksimal brukarvekt: 130 kg
Drivsystem: kjede
Pedalar: standard
Garanti: tre år

XL2 har eit godt design, ein solid konstruksjon og ei høg maskinvekt i prisklassen sin. Det betyr at sykkelen er stabil å sitje på så lenge ein ikkje er altfor høg. XL2 har ein enkel treningscomputer, noko ein vanlegvis berre finn på dyrare sykkelmodellar. XL2 er ein spinningsykkel som gir mykje for pengane. Rettleiande utsalspris er kr 5 190,- inkl. mva.

Vi takkar for førespurnaden og ser fram til å få bestillinga fra dykk.

Med venleg helsing
Sportsgrossisten AS

Sandra Ålgård
marknadsansvarleg

Samanlikn dei to tilboda når det gjeld kvalitet/funksjon, prisar, betalingsvilkår og leveringsvilkår.

  1. Foreslå kva leverandør du meiner de bør velje. Grunngi forslaget.

Oppgåve 6

Sidan bedrifta har starta nokså nyleg og vakse mykje på kort tid, begynner det no å bli eit problem at dei ikkje har etablert gode rutinar for dokumentbehandling. Dokumentmengda er aukande, og det er mange av dei tilsette som kvar for seg sit på mykje informasjon som bør vere tilgjengeleg for alle.

  1. Foreslå rutinar for behandling av innkommande og utgåande post.
    Dette kan vere brev, e-post, bransjemagasin, aviser, reklame og pakkar.
  2. Foreslå kva arkivsystem og klassifikasjonssystem bedrifta har behov for.
  3. Lag retningslinjer for arkiva. Kva skal lagrast, kvar og kor lenge?

Oppgåve 7

Konrad Lye har i dag fått inn ein reklamasjon på ein leveranse av boksehanskar, sjå det vedlagte brevet. Praksisen til bedrifta er å strekkje seg så langt som mogleg for å gjere kundane fornøgde. Kunden får i dette tilfellet eit nytt produkt og kan i tillegg behalde det skadde produktet.

Reklamasjon på boksehanskar

Lasse Finkel
Arnegårdsveien 65
3511 HØNEFOSS 13.04.202x


Build AS
Postboks 90
4340 BRYNE

REKLAMASJON PÅ BOKSEHANSKAR

Eg viser til ordrenr. 2550 av 5. april d.å., eitt sett boksehanskar storleik 9.

Då eg fekk hanskane i går, viste det seg at dei var svært skitne. Dei er fulle av svarte flekkar som ser ut som oljesøl.

Eg ønskjer å få tilsendt nye hanskar snarast, og eg vil at de skal sende meg returemballasje og dekkje frakten for retur av dei sølete hanskane. Det er veldig irriterande at eg skal ha så mykje bry med dette.

Helsing

Lasse Finkel

  1. Skriv «Svar på reklamasjon», og informer om at ny vare blir send i dag. Brevet skal underskrivast av deg.
  2. Kvar vil du arkivere breva som gjeld reklamasjonen?
CC BY-SASkrive av Tove Knutsen.
Sist fagleg oppdatert 14.04.2020

Læringsressursar

Dokumentbehandling