Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva kostar det å sende brev og pakkar med posten?

Posten Noreg AS er eit norsk statseid konsern som driv postombering i Noreg.
Posten. Logo.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Gå inn på posten.no og finn ut følgjande:

  1. Kva kostar det å sende eit ordinært brev på 20 gram innanlands?
  2. Kva kostar det å sende eit brev på 50 gram, 2,5 cm tjukt, til
    1. land i Europa
    2. land utanfor Europa
  3. Kva kostar det å sende eit rekommandert brev på 20 gram i ein B5-konvolutt innanlands?
  4. Kor store kan rekommanderte brev vere for å kunne reknast som «små»?
  5. Kor små brev er det lov til å sende?
  6. Kva kostar det å sende varer på inntil 2 kg
    1. til Skandinavia
    2. som ekspress over natta til sone 7
    3. som Norgespakke på Posten inntil 10 kg
    4. som Norgespakke på Posten inntil 10 kg i postoppkrav
  7. Kva kostar det å sende ein uemballert sykkel som Norgespakke?

CC BY-SASkrive av Tove Knutsen.
Sist fagleg oppdatert 17.04.2020

Læringsressursar

Dokumentbehandling