Yrkesidentitet
Sjå filmen, og bruk deretter nokre minutt til å reflektere individuelt over spørsmåla og notere stikkord.
Kva yrke er representerte i denne filmen?
Gjorde filmen deg motivert til utdanning innan nokon av desse lærefaga? Grunngi svaret ditt.
Lag din eigen definisjon av omgrepa
yrkesidentitet
yrkesstoltheit
Korleis trur du yrkesidentitet blir utvikla?
Korleis viste yrkesutøvarane i denne filmen yrkesstoltheit?
På kva måtar kan ei uniform vere med på å vise yrkesstoltheit?
Diskuter og reflekter med ein eller to medelevar og deretter i klassen.
Kva inneber yrkesidentitet og yrkesstoltheit i restaurant- og matfag, og kva er forskjellen mellom desse omgrepa?
Korleis kan de utvikle yrkesidentitet gjennom opplæringa i restaurant- og matfag?
Korleis viste yrkesutøvarane i denne filmen yrkesstoltheit?
På kva måtar kan ei uniform vere med på å vise yrkesstoltheit?
Gjorde filmen dykk motiverte til utdanning innan nokon av lærefaga de såg i filmen? Kva yrke, og kvifor/kvifor ikkje?