Hopp til innhald
Fagartikkel

Pølsemakar

Pølsemakarfaget var tidlegare eit utprega handverksfag. I dag omfattar det òg bruk av avansert teknologi for å sikre smak og kvalitet. Det viktigaste vil likevel alltid vere gode handverksmessige og faglege kunnskapar.
Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Fakta

  • yrkesnemning: pølsemakar med sveinebrev

  • utdanning: restaurant- og matfag vg1, matproduksjon vg2,
    pølsemakarfaget vg3 (opplæring i bedrift i to år)

  • eventuell vidareutdanning: meisterutdanning, fagskule, generell studiekompetanse, høgskule, universitet

Kva gjer ein pølsemakar?

Ein pølsemakar jobbar med produksjon av pølser og andre kjøtvarer og må kunne mykje om råvarene og dei ulike tilarbeidingsprosessane.

For å kunne utøve faget må du ha kunnskap om både handverksmessige tradisjonar og bruk av ny teknologi. I moderne industribedrifter jobbar ein både med produktutvikling og innovasjon og med å vareta tradisjonelle norske kjøtprodukt.

Til dagleg jobbar pølsemakaren med både handverktøy og meir avanserte maskiner. Du må derfor vere bevisst på HMS.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • produksjon av alle typar pølser, kjøtpålegg, posteiar, spekemat og andre produkt med kjøt som råstoff
  • tilskjering og finstykking av kjøtråvarer
  • bruk og vedlikehald av handverktøy, maskiner og utstyr
  • i ferskvareavdeling: sal av kjøtvarer og informasjon til kundar

Ein dyktig pølsemakar

  • har god kunnskap om eigenskapane til råvarene

  • har god kunnskap om dei ulike tilarbeidingsprosessane

  • jobbar effektivt og hygienisk

  • har eit bevisst forhold til produktivitet og lønsemd

  • har godt handlag

Kvar kan eg jobbe?

Dei fleste pølsemakarar arbeider i industrien, men du kan òg jobbe i meir handverksprega bedrifter som produserer kjøtvarer for sal. Ei anna moglegheit er å jobbe i spesialbutikkar eller ferskvareavdelingar i butikk. Som pølsemakar kan du dessutan starte eigen produksjon av spesielle kjøtprodukt.

Relatert innhald