Fakta
yrkesnemning: ernæringskokk med fagbrev
utdanning: restaurant- og matfag vg1, kokk- og servitørfag vg2,
ernæringskokkfaget vg3 (opplæring i bedrift i to år)eventuell vidareutdanning: meisterutdanning, fagskule, generell studiekompetanse, høgskule, universitet
Kva gjer ein ernæringskokk?
Som ernæringskokk lagar du mat til personar som av ulike årsaker – og i kortare eller lengre periodar – ikkje kan lage maten sin sjølv.
Du skal kunne planleggje og produsere variert og næringsrikt kost til alle måltid ein person treng i løpet av eit døgn. Maten du lagar, må følgje Helsedirektoratet sine kostråd og nasjonale retningslinjer. Som ernæringskokk er du med på å skape trivsel og positive matopplevingar hos både friske og sjuke.
Sentrale arbeidsoppgåver
- komponere rettar og menyar i samsvar med offentlege retningslinjer
- ta omsyn til ulike diettar og tilpassa kost
- produsere varm og kald mat i store kvantum
- nytte ulike typar råvarer og tillagingsmetodar
- produsere og distribuere alle måltid som inngår i heildøgnsforpleining
- nytte og halde ved like maskiner og utstyr
- sørgje for godt reinhald og god produksjonshygiene
Ein dyktig ernæringskokk
er glad i å lage mat
er gjerne kreativ og har estetisk sans
jobbar effektivt og planmessig
har gode kommunikasjonsevner og jobbar godt i team
har god kontroll på kostnadene
har god forståing av den ernæringsmessige betydninga til maten
Kvar kan eg jobbe?
Som ernæringskokk kan du jobbe på institusjonskjøkken på sjukehus, pleieheim eller andre helse- og omsorgsinstitusjonar. Du kan jobbe i kantiner på skular, på internat, i Forsvaret, i fengsel, til sjøs og offshore.
Relatert innhald
Nettside hos vilbli.no
Nettside hos utdanning.no