Hopp til innhald
Fagartikkel

Fagarbeidar i industriell matproduksjon

Fagarbeidarar i industriell matproduksjon jobbar i bedrifter som produserer ulike typar mat- og drikkevarer i ein industrialisert prosess.
Industriell matproduksjon. Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Fakta

  • yrkesnemning: fagarbeidar industriell matproduksjon med fagbrev

  • utdanning: restaurant- og matfag vg1, matproduksjon vg2, industriell matproduksjon vg3 (opplæring i bedrift i to år)

  • eventuell vidareutdanning: fagskule, generell studiekompetanse, høgskule, universitet

Kva gjer ein fagarbeidar i industriell matproduksjon?

Som fagarbeidar vil du kunne jobbe med alt frå produktutvikling til kvalitetssystem for trygg matproduksjon. Du styrer produksjonslinjer med avansert teknologi og har ansvaret for laboratorieanalysar som skal vareta mattryggleik.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • varemottak og kontroll av råvarer
  • planlegging og styring av produksjon frå start til slutt
  • betening av maskiner og anna høgteknologisk utstyr
  • gjennomføring av kvalitetskontrollar
  • bruk, vedlikehald og enkel reparasjon av maskiner og utstyr

Ein dyktig fagarbeidar i industriell matproduksjon

  • har interesse for produksjonsprosessar

  • jobbar nøyaktig og planmessig

  • er godt organisert

  • har gode kunnskapar om råvarer

  • har gode kunnskapar om datateknologi og produksjonsprosessar

Kvar kan eg jobbe?

Næringsmiddelindustrien er stor og har derfor ein arbeidsmarknad med mange moglegheiter. Her kan du velje mellom produksjon av alt frå sjokolade, øl, mineralvatn, vin, brennevin og hermetikk til iskrem og andre mjølkeprodukt, tobakk, kornprodukt og vidareforedling av kjøt og fisk. Industrien går i retning av færre, større og meir spesialiserte produksjonsanlegg og treng stadig nye fagarbeidarar.

Relatert innhald