Fagarbeidar i sjømatproduksjon - Bransje og arbeidsliv (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Fagarbeidar i sjømatproduksjon

Så lenge vi kjenner til, har fisk danna grunnlaget for liv og busetjing i Noreg. Som fagarbeidar i sjømatproduksjon kan du få jobb i fiskeindustribedrifter og hos produsentar og eksportørar av sjømat.
Video: Øystein E. Johannessen / CC BY-ND 4.0

Fakta

  • yrkesnemning: fagarbeidar sjømatproduksjon med fagbrev

  • utdanning: restaurant- og matfag vg1, matproduksjon vg2, sjømatproduksjon vg3 (opplæring i bedrift i to år)

  • eventuell vidareutdanning: fagskule, generell studiekompetanse, høgskule, universitet

Kva gjer ein fagarbeidar i sjømatindustrien?

Som ferdigutdanna fagarbeidar vil du ha kjennskap til industriell og effektiv framstilling av tradisjonelle fiskeprodukt som klippfisk, reinska reker, sild og makrell. I tillegg vil du ha kunnskap om stadig vekslande internasjonale mattrendar og teknologiske og bioteknologiske nyvinningar.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • mottak og kontroll av fisk og annan sjømat
  • deltaking i produksjonsprosessen frå råvare til ferdig produkt
  • emballering, pakking og merking
  • bruk og vedlikehald av maskiner og utstyr

Ein dyktig fagarbeidar i sjømatindustrien

  • arbeider effektivt, rasjonelt og hygienisk

  • har god fagkunnskap

  • har interesse for teknologi og evne til å handtere maskiner

  • er god til å samarbeide

Kvar kan eg jobbe?

Sjømatbedrifter finst langs heile norskekysten. Det er òg store moglegheiter for å jobbe i utlandet. Bedriftene i ein av Noregs største eksportnæringar har behov for personar med kunnskapar innan kultur, språk, sal og eksport. Den nasjonale sjømatnæringa treng personar med spesialkompetanse innanfor alt frå teknologi, automasjon og IKT til næringsmiddelhygiene, produktutvikling og kvalitetssikring.

Relatert innhald

Skrive av FMO og FOHR.
Sist fagleg oppdatert 02.11.2022