Møt landslagskokken Mymint
Mymint er opphavleg frå Thailand, men kom til Noreg som 12-åring. Ho liker å lage mat med reine smakar, gjerne tradisjonelle norske retter med ein moderne vri. Mymint vann sølv i konkurransen Årets unge kokk i 2021 og 2023. Ho tok sølv i NM i kokkekunst i 2022, og same år vart ho ein del av kokkelandslaget Community Catering. I 2024 deltok Mymint i NM i kokkekunst, og ho vann òg den norske finalen i konkurransen Jeunes Chefs des Rôtisseurs. Det er ein internasjonal konkurranse for unge kokkar, og ho representerte Noreg i den internasjonale finalen der ho kom på tredjeplass.
Mymint brenn for kokkeyrket og oppmuntrar gjerne elevar på restaurant- og matfag til å delta i konkurransar.
Kunne du sjølv tenke deg å delta i ein kokkekonkurranse eller ein annan konkurranse innanfor restaurant- og matfaga? Kvifor eller kvifor ikkje?
Kva eigenskapar trur du ein som deltek i ein konkurranse, bør ha?
Kva konkurransar finst det som du kan delta i som elev på restaurant- og matfag?
Kva konkurransar finst det som du kan delta i som lærling innanfor restaurant- og matfaga?