Hopp til innhald
Fagartikkel

Bakar

Bakarfaget er eit av dei eldste handverka i verda, og det er eit fag i stadig utvikling. Som bakar må du derfor både ha godt handlag og kunne meistre ny teknologi.
Film om bakaryrket. Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-NC-SA 4.0

Fakta

  • yrkesnemning: bakar med sveinebrev

  • utdanning: restaurant- og matfag vg1, bakar og konditor vg2,
    bakarfaget vg3 (opplæring i bedrift i to år)

  • eventuell vidareutdanning: meisterutdanning, fagskule, generell studiekompetanse, høgskule, universitet, diplombakarutdanning

Kva gjer ein bakar?

Som ferdigutdanna bakar vil du kunne forvandle ein tilsynelatande uformeleg gjærdeig til dei nydelegaste brød, bollar, rundstykke, bagels eller pizzabotnar. Bakaren har òg ansvaret for wienerbakst, mellom anna wienerbrød og kringler. Nokre bakarar vel å spesialisere seg på industribakst og styrer store automatiserte produksjonslinjer. Andre vel å jobbe i mindre handverksbakeri og lærer seg òg litt om kaker.

Til liks med dei fleste andre fag er bakarfaget i stadig endring. Som bakar må du derfor halde tritt med både norske og utanlandske trendar og nyvinningar. I eit stadig meir helse- og kosthaldsfokusert samfunn vil du òg stå overfor den utfordringa det er å lage produkt som har ei riktig samansetjing av naudsynte næringsstoff, og som samtidig smaker godt.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • produsere ulike typar brød og annan gjærbakst
  • lage bakverk etter både tradisjonelle og nye oppskrifter
  • reingjere og halde ved like utstyr
  • tilpasse og utvikle oppskrifter

Ein dyktig bakar

  • har interesse for gjærdeig og andre deigar

  • har god kunnskap om råvarene og korleis dei påverkar baksten

  • jobbar strukturert, effektivt og nøyaktig

  • evnar å sjå kundane sine behov og ønske

Kvar kan eg jobbe?

Som bakar vil du kunne jobbe i store industribakeri, med avansert utstyr og produksjon i stor skala, eller i "bakeriet på hjørnet". Det er òg mogleg å få jobb i hotell- og restaurantnæringa.

Relatert innhald