Hopp til innhald
Fagartikkel

Kjøtskjerar

Som kjøtskjerar vil du raskt, sikkert og nøyaktig kunne forvandle eit digert kjøtstykke til ferdige stykningsdelar, biffar, filetar og beinfritt produksjonskjøt. Arbeidet er for det meste manuelt, og kniven er den viktigaste arbeidsreiskapen.
Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Fakta

  • yrkesnemning: kjøtskjerar med sveinebrev

  • utdanning: restaurant- og matfag vg1, matproduksjon vg2, kjøtskjerarfaget vg3 (opplæring i bedrift i to år)

  • eventuell vidareutdanning: meisterutdanning, fagskule, generell studiekompetanse, høgskule, universitet

Kva gjer ein kjøtskjerar?

Arbeidet til kjøtskjeraren begynner der arbeidet til slaktaren sluttar. Ein kjøtskjerar må ha god fysikk, solid fagkunnskap og handverksmessig dugleik. Kjøtskjeraren må ha kunnskap om anatomien til dyra, eigenskapane til råvarene, stykningsbeskrivingar, sorterings- og skjerestandardar, prøveuttak og analysar.

Kjøtbransjen har høge kostnader og små marginar. Derfor må ein kjøtskjerar gjere jobben sin på ein måte som sikrar både produktivitet, økonomi og kvalitet.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • mottak og kontroll av skrottar
  • grovdeling av skrottar, utbeining og tilskjering av stykningsdelar og filetar
  • veging, merking og emballering av ferdig tilskore kjøt
  • bruk og vedlikehald av maskiner og utstyr

Ein dyktig kjøtskjerar

  • har god kunnskap om oppbygginga til dyra, sortering og skjeringsstandardar

  • arbeider effektivt, hygienisk og nøyaktig

  • har god fysikk

  • har godt handlag

Kvar kan eg jobbe?

Norsk kjøtindustri er spesialisert, og det finst mange bedrifter landet rundt som skjer storfe, svin, lam eller fugl. Som kjøtskjerar kan du òg arbeide i mindre handverksbedrifter og kanskje bidra i fleire delar av kjøtforedlinga. Det er stort behov for dyktige fagarbeidarar i kjøtskjerarfaget.

Relatert innhald