Hopp til innhald

Fagstoff

Frå stumfilm til lydfilm

Ein stumfilm inneheld berre bilete, ikkje lydspor. Stumfilmen bruker andre verkemiddel enn lydfilmen. Viktige verkemiddel er blikk, mimikk, gestar, lys, skugge og musikk. Den første filmen med synkron lyd blei produsert i 1927.

Reklamefilm for Teddy frå 1927, ein norsk stumfilm produsert av Gladtvet-Film. Korleis trur du filmen ville blitt motteken i dag?

Synstolking av reklamefilm for Teddy sigarettar

Tittelblad: En glad gutt. I hovedrollen Per Kvist

Ein baby sit på mors fang og græt

Tekstplakat 1: Teddy het han, og gråt da han ble født

Babyen sit oppreist på mors fang og ler

Tekstplakat 2: men alt da han satt oppreist på morens fang lo han

Babyen ler når far tenner ein sigarett av merket Teddy

Tekstplakat 3: Og da de tente seg en Teddy om kvelden lo han så det sang

Babyen græt når han ikkje får røyken

Tekstplakat 4: men gråt når han ikke fikk noen

Babyen smiler når far blæs røyk på han

Tekstplakat 5: Av den gutten blir det en Teddy sa moren

Tekstplakat 6: og det ble det også

Bilete av sigarettpakke og baby som røykjer

Stumfilmen

Gammalt svart-kvitt-bilete av ein smilande mann med korte, svarte krøllar, ein smal, svart bart og svart bowlerhatt. Han er kledd i svart dressjakke, kvit skjorte med høg snipp, rutete vest og slips. Foto.

Omgrepet stumfilm blir brukt om ein film som berre inneheld bilete, ikkje lydspor. Dei første åra var det vanleg at filmvisinga blei akkompagnert av ein pianist eller eit orkester. I mange stumfilmar blei delar av forteljinga formidla ved hjelp av trykte tekstplakatar, såkalla mellomtekstar.

Stumfilmen hadde sin styrke i bruken av lys og skugge, og stumfilmstjernene var meistrar i å vise kjensler ved hjelp av gestar, blikk og mimikk. Den mest kjende skodespelaren og filmregissøren frå perioden med stumfilm er truleg Charlie Chaplin.

Sjå klipp fra nokre av stumfilmane hans på YouTube (hopp gjerne over reklamen): Chaplin Masterpiece Trailer

Den første lydfilmen

Den danske kunsthistorikaren Rudolf Broby-Johansen meinte at stumfilm var ein «sjølvstendig kunstart som vil fortsetje å leve uavhengig av dei ytre tekniske framskritta, på same måte som bilethoggarkunsten». Men slik gjekk det ikkje. Den første lydfilmen, The Jazz Singer, kom i 1927. I løpet av kort tid blei stumfilmen erstatta av lydfilm.

Det norske publikumet omfamna lydfilmen, og dei var også positive til den vesle teksten som dei måtte lese når utanlandske filmar blei viste. Lyden skapte betre kontinuitet i filmforteljinga. For kinogjengaren blei filmen ei totaloppleving av levande bilete, ekte røyster, naturleg bakgrunnslyd og synkronisert musikk.

Lydfilmen inntek norske kinoar

Dei norske kinoane sleit med økonomien på slutten av 1920-åra, slik stoda var elles i landet. Lydfilmen førte til økonomisk oppsving for film- og kinobransjen. Billettprisane auka, men folk strøymde likevel til kinolokala. Norske filmar ble igjen populære, for eksempel Tancred Ibsens Den store Barnedåpen, To levende og en død, Fant og Gjest Baardsen.

Det som skil moderne film frå de første lydfilmane, er at lydbiletet har blitt meir omfattande. I dag tenkjer vi sjeldan over lyden i ein film, han er berre ein naturleg del av handlinga og filmforteljinga. For oss er film like mykje lyd som bilete.

CC BY-SASkrive av Dagny Regine Rosenberg og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 12.04.2018

Læringsressursar

Mediehistoriske tidslinjer (fordjuping)