Hopp til innhald

Fagstoff

Fotografihistoria i Noreg

Fotografi av norsk natur og kultur spelte ei viktig rolle for utviklinga av norsk identitet. På 1920-talet begynte avisene å trykke reportasjebilete. Framvising av portrett og amatørfotografi dokumenterer og isceneset livet vårt.

Ei ny oppfinning

I 1839 oppdaga franskmannen Louis Daguerre at det var mogleg å framstille fotografi dersom ein utsette kjemisk preparerte metallplater for lys. Slik oppstod det moderne fotografiet.

Den danske fysikaren Hans Christian Ørsted introduserte oppfinninga i Noreg. Han meinte at fotografiet eigna seg best til vitskapleg dokumentasjon, sidan det ikkje lèt seg gjere å framstille dei kjenslene som avspeglar seg i eit menneskeansikt, på ein mekanisk måte. Men her tok han feil! Moten med portrettfotografering spreidde seg raskt i det finare borgarskapet.

Portrettet blir allemannseige

I starten kunne fotografen berre lage eitt eksemplar av eit fotografi. Men ei ny oppfinning på 1850-talet gjorde det mogleg å framstille fleire papirkopiar av eitt og same bilete. Det førte til at fotografiske portrett blei allemannseige, og at det oppstod ein standardisert biletsjanger. Folk stilte opp i studio i sin finaste stas, der dei blei avbilda i arrangert positur mot ein scenisk bakgrunnsdekorasjon.

Portretta blei sende til venner og kjende, og dei portretta dei fekk i retur, blei sette inn i portrettalbumet som alle som kom på vitjing, kunne bla i. Denne måten å utvikle og dokumentere sosiale nettverk på har mykje til felles med den nettverksbygginga vi i dag ser på Facebook.

Fotografiet byggjer nasjonen

1800-talet var hundreåret då den norske nasjonen blei bygd. Då Noreg blei sjølvstendig i 1814, blei det brukt mange krefter på å skape ein nasjonal identitet. Fotografi av norske landskap og norsk kultur blei ein viktig reiskap i denne prosessen.

Fotografia blei også brukte til marknadsføring av Noreg, retta mot ei gryande turistnæring, og til vitskapleg dokumentasjon av kultur og levekår i bygd og by landet rundt.

Kjende 1800-talsfotografar som Markus Selmer og Axel Lindahl dokumenterte norsk natur og folkeliv: Galleri Balder

Fotografiet inntek massemedia

På 1800-talet blei illustrasjonane i aviser og blad laga ved hjelp av tresnitt. Dei første fotografia som stod på trykk, blei også overførte til tresnitt før trykking. I 1881 utvikla tyskaren Georg Meisenbac ein metode for rastrering av fotografi. Slik kunne ein overføre fotografi til metallplater som blei brukte i trykkjeprosessen.

Det tok likevel ei stund før avisene fann plass til fotografi på dei få sidene som var sette av til redaksjonelt stoff. I perioden 1900–1920 trykte avisene stort sett berre portrett. Reportasjebilete blei vanleg først i 1920-åra. På 1930- og 1940-talet blei det etablert reine biletblad. Desse blei raskt populære. Biletbladet Aktuell, med sterke band til arbeidarrørsla, spelte ei viktig rolle i atterreisingsarbeidet etter andre verdskrigen. Bla i Aftenposten frå 1910

På 1950-talet hadde fire store massemedium fått fotfeste i Noreg: aviser, vekeblad, kino og radio. Felles for utviklinga i dei fire massemedia var at bileta fekk større plass. Fotografiet blei eit viktig blikkfang på framsida av avisa saman med overskrifter og ingressar. Ny teknologi gjorde det mogleg å overføre rykande ferske bilete via telefon, og meir avansert trykkjeteknikk gav bileta att med betre kvalitet enn tidlegare. Dei første avisbileta i fargar blei trykte på 1960-talet. Frå då av har fotografiet spelt ei stadig meir dominerande rolle i norske massemedium. Bla i vekebladet Det nye

Ei gruppe menneske les om ei rasulykke i Aftenposten. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Frå dokumentasjon til estetisk uttrykk

Norske kunstnarar tok tidleg i bruk fotografiet som hjelpemiddel, men mange var skeptiske til å rekne fotografiet som eit sjølvstendig kunstnarisk uttrykk. Argumentasjonen var at fotografiet mangla den subjektive fortolkinga av motivet som kjenneteiknar ekte kunst.

På 1960- og 1970-talet tok fotografane opp kampen for at fotografiet skulle bli akseptert som estetisk uttrykk på linje med måleri og grafiske trykk. I dag har fotografiet innteke galleria, og blir omtalt som kunst på linje med andre visuelle uttrykk. Mange pressefotografi og reklamefotografi har også ein tydeleg estetisk dimensjon.

Fotograf Morten Krogvold stiller ut fotokunsten sin i nye Bøler kirke. Det er store foto i svart-kvitt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Amatørfotografiet

På 1900-talet voks talet på amatørfotografar raskt. Kamerautstyret blei billigare og stadig enklare å bruke. På 1960- og 1970-talet var fotoapparat blitt allemannseige. Digitaliseringa gjorde det etter kvart enklare å etterbehandle eigne bilete. Moderne mobiltelefonar tek i dag kameraet med inn i alle livssituasjonar, også der vi ikkje ønskjer å bli sett, og bileta blir delte i stor skala på sosiale medium.

Det blir knipsa og knipsa, til kvardags og til fest. Slik dokumenterer og redigerer vi liva våre. Men også innan kvardagsfotografi utviklar det seg eigne sjangrar: 17. mai-bilete av eigne barn i barnetoget, julebilete med heile familien i finstasen framfor juletreet, du og kjærasten i romantisk feriepositur under palmane. Slik er amatørfotografiet med på å forsterke og halde fast kvardagritane i dei tusen heimane.

Heile kongefamilien framfor juletreet. Sonja les eventyr for barna. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fotografiet i ein digital tidsalder

På 2000-talet er det spesielt to faktorar som har påverka den samfunnsmessige betydninga av fotografiet: smarttelefonen og sosiale medium. Enkel teknologi gjer at vi aldri har fotografert så mykje som vi gjer no. Verda fløymer over av bilete.

Moderne mobiltelefonar har innebygde kamera som gir god fototeknisk kvalitet. Men brorparten av dei bileta som blir tekne, har dårleg biletmessig kvalitet. Hensikta er nemleg berre å rapportere og dokumentere det vi opplever. Ofte vel vi eit motiv der vi sjølv er i sentrum for hendingane, såkalla «selfies». Bileta utgjer samla ei slags dagbok eller notatbok som vi bruker til å synleggjere livet vårt i sosiale medium, eit liv andre i neste omgang kan «like» eller kommentere.

Ei ung og veltrent kvinne tek ein selfie av kroppen sin, klar til å dele på sosiale medium. Foto.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Peter Larsen, Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 23.01.2018

Læringsressursar

Mediehistoriske tidslinjer (fordjuping)