Hopp til innhald

Fagstoff

Internasjonal avishistorie

Dei gamle romarane sende allereie før Kristi fødsel ut daglege nyheitsbrev. Men avisa blei først eit massemedium i den rette betydinga av ordet då den dampdrevne trykkpressa, og seinare rotasjonspressa, blei teken i bruk på 1800-talet.

Avisa kjem til

Framsida til verdas første avis. Faksimile.

Dei moderne avisene har røter både i Kina og i Romarriket, der byråkratar sende nyheitsbrev til provinsane om det som skjedde i hovudstaden. Så tidleg som 131 f.Kr. veit vi at det i Roma blei gitt ut eit dagleg nyheitsbrev kalla «Acta Diurna», som ikkje berre inneheldt referat frå Senatet, men også nyheiter om brotsverk, skilsmisser og andre saker av interesse. Mange reknar dette som det første eksempelet på ein massemediepublikasjon.

Den første tida etter Gutenberg blei trykkpressene mest brukte til bøker, religiøse traktatar, løpesetlar og andre småtrykksaker. Men i 1605 byrja Johann Carolus å gi ut det som er blitt anerkjent som den eldste trykte avisa i verda. Ho kom ut på tysk i Strasbourg, som den gongen var ein del av Det tysk-romerske riket. Namnet var Relation.

Carolus hadde tent til livsopphald ved å gi ut handskrivne nyheitsbrev til velståande abonnentar. I 1604 kjøpte han eit trykkjeri, og han fann fort ut at det var meir pengar å tene på å trykkje nyheitsbreva. Då kunne han minke prisen og få fleire abonnentar.

Relation såg framleis ut som ei bok. Men ho kom ut med jamne mellomrom, og innhaldet var ifølgje tittelen ei «samling av alle fornemme og minneverdige nyheiter».

Liknande aviser dukka raskt opp i fleire byar både i Tyskland og andre europeiske land. Den første avisa i fullformat var Courante uyt Italien, Duytslandt, &c frå 1618. Ho introduserte også andre nyvinningar som annonsar og bruk av bilete (tresnitt).

Både kyrkja og dei verdslege makthavarane såg på trykksaker som farlege (naturleg nok, når vi tenkjer på korleis dei hadde medverka til religionskrigane på 1600-talet) og innførte varierande grad av sensur. Nederland hadde ingen sensur, derfor blei det også gitt ut engelsk- og franskspråklege aviser der. Landet blei ein tilfluktsstad for Descartes, Locke og mange andre av tenkjarane frå opplysningstida.

Revolusjon!

«Revolusjonen var verksam før han blei byrja», skreiv den andre presidenten i USA, John Adams, i 1818. Det var pressa han sikta til. Gjennom heile tiåret før den amerikanske revolusjonen hadde pressa fløymt over av agitasjon for ei frigjering frå Storbritannia. Eit heilt nytt omgrep blei teke i bruk på denne tida: «den offentlege meininga». For første gongen var det interessant å vite ikkje berre kva kongen eller paven meinte, men kva folk flest tenkte om saker og ting. Og nettopp avisene var viktige for både å forme og å formidle disse meiningane.

Det same fenomenet finn vi i Frankrike. Det dukka opp foreiningar og klubbar, løpesetlar og aviser, der dei revolusjonære ideane blei heftig diskuterte. Storminga av Bastillen, som førte til den franske revolusjonen, blei utløyst av ein tale halden av ein journalist.

Soldatar med gevær og ei gruppe menneske med løpesetlar i handa reiser eit tre som skal symbolisere fridom. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Debatten heldt fram minst like oppheita då revolusjonen var gjennomført. Heile 350 aviser kom ut i Frankrike i tiåret etter 1789. Dei bidrog også med fanatisk retorikk som førte til terrorveldet der 40 000 menneske blei avretta. Då Napoleon tok makta, blei pressesensuren innført på nytt.

Alle revolusjonar har sine eigne årsaker og verknader. Men somme historikarar meiner at brå og omfattande endringar i media fører til endringar i heile samfunnsstrukturen. Både Lenin og Gandhi innleidde revolusjonane sine med å starte aviser. I våre dagar ser mange ein samanheng mellom utbreiinga av sosiale medium og smarttelefonar og det vi kallar «Den arabiske våren».

«Den største forbetringa sidan Gutenberg»

29. november 1814 kom The Times i London på gata med ei avis som var trykt i eit skinande nytt teknologisk vedunder: ei dampdriven trykkpresse.

I nesten fire hundre år hadde pressene fungert på same måten som på Gutenbergs tid. Arbeidet var så hardt og einsformig at ein kunne kjenne igjen ein trykkjar på gata på den skeive gonga han fekk av å stå å trekkje i hendelen dag ut og dag inn. No blei arbeidet med eitt mykje lettare.

Mange menn ber ut haugar med aviser til køyrekarar som ventar med hestar og vogner. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Og så gjekk det fire gonger så raskt unna. Det måtte seks mann til for å bemanne den dampdrivne pressa til The Times, men så kunne dei trykkje over tusen sider i timen på begge sider av arket. Drygt ti år seinare var dei oppe i fire tusen. Den gamle pressa, rett nok berre med tre mann, hadde ikkje klart meir enn 250 sider i timen.

Med den dampdrivne trykkpressa var massemedia blitt industri. Og nye oppfinningar kom på laupande band. Papir blei dramatisk mykje billigare då ein blei i stand til å erstatte tekstilfibrar med tremasse. I 1863 blei rotasjonspressa teken i bruk. Ho kunne ta rullar med papir inn i den eine enden og spytte ut ferdige aviser i den andre, nesten 100 000 tolvsiders aviser i timen ved hundreårsskiftet. Jernbanen gjorde det mogleg å spreie avisene over heile landet.

I 1886 kom Linotype med ein maskin som kunne setje tekst med rundt 30 ord i minuttet, fem–seks gonger så raskt som setjarane, som til då hadde samla saman bokstavane for hand.

Teknologi utvida også uttrykksmoglegheitene. Rasterteknikken som blei oppfunnen i 1880-åra, gjorde det mogleg å trykkje fotografi i avisa.

Aviser for folk flest

Damppressa blei først teken i bruk i London, men det var i USA ein utvikla den forretningsmodellen som både aviser og etermedium har levd med heilt til nyleg. Dei store opplaga gjorde avisene meir attraktive for annonsørar fordi dei no kunne treffe fleire potensielle kundar. Dermed kunne avisa ta meir betalt for reklamen og heller setje ned prisen på avisa, slik at dei kunne selje endå fleire eksemplar. Lesarane betalte altså berre ein mindre del av det avisa kosta å produsere, annonsørane betalte resten.

Sidan prisen kunne bli så låg som ein penny (ein cent) per avis, har fenomenet fått namnet «the penny press».

Dei første avisene og bøkene hadde retta seg mot velutdanna menneske i den økonomiske og politiske eliten. Men no hadde også vanlege folk lært å lese. Det var dei som utgjorde målgruppa for dei nye billigavisene.

Språket var folkeleg. Lange politiske diskusjonar måtte vike for korte skildringar av hendingar. Den viktigaste informasjonen kom først i teksten, slik at også dei som ikkje var så flinke til å lese, fekk det med seg.

Ein gutt med plakat som reklamerer for avisa The Daily Telegraph. Måleri.

Innhaldet var det folkesmaken som dikterte. Den viste seg å føretrekkje sensasjonar, svindlar og bedrag, sladder, hets, løgn og bakvasking, sjokkerande skandalar og brotsverk skildra i mest groteske detalj. Overdrivingar var vanleg, stikkpengar ein kurant arbeidsmetode, og om nødvendig kunne både fakta og kjelder diktast opp. Men kva så? Avisene var blitt kommersielle og kom ut først og fremst for å gi eigarane inntekter.

I Storbritannia såg både regjeringa og dei etablerte avisene med avsky på denne utviklinga. Dei brukte høge avgifter for å hindre at noko slikt skulle skje hos dei. Men i 1855 blei avisskatten fjerna, og Daily Telegraph blei det første eksempelet på pennypresse i Storbritannia.

Frankrike var like tidleg ute som USA med si pennypresse, som dei kalla «presse à bon marché», eller billigavis. I Tyskland blei utviklinga bremsa av sensur og politisk uro og skaut først fart i 1870-åra.

Den moderne avisa

Svære overskrifter, mellomtitlar, bilete og illustrasjonar. Tabloidjournalistikk, kampanjejournalistikk, objektiv og litterær journalistikk. I siste halvdelen av 1880-åra hadde pressa utvikla dei verkemidla som har vore nytta heilt fram til våre dagar.

Mann med lorgnett. Bakgrunnen er ei utgåve av avisa The World. Illustrasjon.

Dei store avisene i USA auka opplaget frå titusentals til hundretusentals takk vere ein straum av tekniske nyvinningar. Overskotet vaks for eigarane, som kjøpte opp andre aviser og danna aviskjeder. To av dei mest berømte redaktørane var Joseph Pulitzer og William Randolph Hearst. Dei eigde blant anna to store konkurrerande aviser i New York, New York World og New York Journal.

Pulitzer (ja, han som har gitt namn til Pulitzer-prisen, den viktigaste prisen for journalistikk i USA) var ein politisk medviten immigrant frå Ungarn og spesialiserte seg på kampanjar mot korrupsjon og uverdige buforhold i New York.

Hearst var berykta for den skruppellause og ofte uærlege haldninga si til journalistikk. Han gjekk ikkje av vegen for å dikte opp saker eller rappe frå konkurrentane.

I 1896 sende han ein reporter og ein teiknar (!) for å dekkje eit opprør på Cuba. Rapportane og bileta sjokkerte amerikanarane, og Hearst brukte alle middel for å piske opp stemninga. Då interessa dalte og reporteren melde at lite skjedde, skal Hearst ha telegrafert tilbake: «Sørg du for bileta, så skal eg sørgje for krigen.»

Denne forma for journalistikk går gjerne under namnet «Yellow Journalism». Gult var ein ganske ny trykkfarge på denne tida og blei brukt for å fargeleggje den populære teikneserien «The Yellow Kid». Målet med Yellow Journalism var ikkje først og fremst å informere eller reformere, men å engasjere kjenslene til lesarane, vekkje sinne og forarging, og på den måten selje fleire aviser. Han gjorde at Hearst i 1935 eigde 28 aviser med 20 millionar lesarar, 13 magasin, 8 radiostasjonar og eit telegrambyrå.

I Noreg kallar vi det gjerne tabloidjournalistikk. Denne nemninga stammar frå Storbritannia, der Lord Northcliffe starta Daily Mail i London i 1896 og skaut gullfuglen med eit opplag på 400 000, som raskt auka til ein million. I tillegg til krim, sensasjonar og krigshissing for å trekkje lesarar brukte han også stunt, som då han i 1907 lova tusen pund til den første som klarte å fly over Den engelske kanalen.

Men det viste seg at publikum ikkje var einsarta, og at mange kunne gå trøytt av skandalar. New York Times, som kom ut første gongen i 1851, valde ei meir nøytral form for nyheitsdekning og blei ein forløpar for det vi i dag kallar objektivitet. I 1896 skapte utgivaren slagordet: «Alle nyheiter som eignar seg for trykk».

Ein kvinneleg gravejournalist

Du trudde kanskje at gravejournalistikk var eit moderne fenomen, eller at det var Günter Wallraff som fann opp «å wallraffe»? I så fall må du tru om igjen!

Ei kvinne sit på ein stol. Til høgre ser vi ein globus og ei kvinne som peikar på ei avis. Illustrasjon.

Nellie Bly (ho heitte eigentleg Elisabeth Jane Cochrane) var ein journalist som flytta til New York i 1890 og fekk jobb i Pulitzers New York World. Eit av dei første oppdraga hennar var å sjå nærmare på tilhøva i eit asyl for sinnslidande kvinner.

Men korleis skulle ho komme innanfor? Ho leigde seg eit fattigsleg rom i ein leigegard, øvde litt framfor spegelen og sette i gang med å spele sinnssjuk. Ho spelte så overtydande at politiet blei tilkalla. Fleire legar undersøkte henne, og alle som éin konkluderte med at ho var galen.

Forholda i asylet viste seg å vere forferdelege. Maten var elendig, det var søppel overalt, og rottene kravla omkring. Pasientane blei mishandla av valdelege pleiarar. Det verste var at Bly blei overtydd om at nokre av pasientane var like lite galne som ho var sjølv.

Etter ti dagar blei Bly sleppt ut. Reportasjen hennar, «Ti dagar i galehuset», skapte sensasjon. Styresmaktene sette i gang ei gransking og inviterte Bly til å delta. Alle tilrådingane hennar blei gjennomførte, og dei psykiatriske institusjonane fekk større budsjett. Det blei også sett i verk tiltak som skulle sikre at berre dei verkeleg sinnslidande skulle hamne på asyl.

Bly er også berømt for eit stunt ho gjorde ein gong ho var frustrert og tom for idear og berre ønskte seg vekk frå alt. Femten år tidlegare hadde Jules Verne gitt ut boka Jorda rundt på åtti dagar. Nellie Bly drog ut for å sjå om ikkje ei kvinne på eiga hand kunne gjere det endå raskare. Avisa trykte alle telegramma ho sende heim, saman med kart og skildringar av landa ho reiste gjennom. Etter 72 dagar var ho tilbake i New York og fekk ei mottaking ei heltinne verdig.

Biletalderen

«Folk har ikkje berre slutta å kjøpe desse gammaldagse tinga som kallast bøker, men til og med å lese dei!»

Bokdøden er blitt spådd kvar gong eit nytt medium har dukka opp. Men dette sitatet stammar frå ein skotsk trykkjar frå så langt tilbake som 1844. Det som etter hans meining truga ikkje berre eksistensen til boka, men til avisene også, ja sjølve lesinga, var det trykte biletet.

To år tidlegare hadde Herbert Ingram grunnlagt avisa Illustrated London News. Ideen var å lage ei avis som heilt og fullt var vigd illustrasjonar. Ho blei ein suksess og nådde eit opplag på 300 000 i 1852 då ho trykte graveringar baserte på Roger Fentons fotografi frå Krimkrigen.

Illustrerte aviser og magasin dukka snart opp i mange land. Satiriske vittigheitsblad blei ein populær sjanger, som Simplicissimus i Tyskland og Punch i Storbritannia. Blant norske eksempel er Krydseren og Vikingen.

Ein mann med bart og ein tynn mann med feminine trekk. Bakom ser vi eit hornorkester. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gravering var ein både tidkrevjande og kostbar metode som hadde vore brukt heilt sidan Gutenbergs tid. I 1796 blei litografiteknikken funnen opp i Tyskland. Han gjorde det raskare og billigare å reprodusere bilete.

Rasterteknikken, som blei utvikla og perfeksjonert i siste halvdelen av 1800-åra, gjorde det mogleg å trykkje fotografi. Det første fotografiet trykt med denne prosessen stod i avisa New York Daily Graphic i 1880, og frå 1890-åra blei det vanleg å sjå fotografi i populære aviser.

Det er framleis rasterteknikken som blir brukt for å gjengi bilete på trykk. Men sjølve trykkjemetoden, offsettrykk, som blei innført i avisene i 1970-åra, er ei vidareutvikling av litografiteknikken.

Møkkagravarane

Møkkagravarane var ein ny generasjon journalistar som reagerte på hangen den gule journalistikkens hadde til sensasjonar og overdrivingar for å auke opplaget. Dei ville fornye journalistikken, men blei hindra av at all makt i amerikansk presse var samla hos gamle og til dels korrupte menn som sat i ei monopolstilling og gjorde det vanskeleg å starte opp nye aviser.

Så køyrde dei i gang magasin i staden, der dei kom med skakande avsløringar om barnearbeid, forslumma butilhøve, skremmande tilhøve i kjøtindustrien, svindel med medisinar, underslag i politikken og dei korrupte forretningsmetodane til monopolselskapet Standard Oil.

Møkkagravarane såg på seg sjølve som reformatorar, og dei var politisk engasjerte. Dei brukte metodane til den gule journalistikken, men dei skreiv for å endre samfunnet. Dei ville reformere systemet, ikkje velte det.

Likevel gjorde dei så stort inntrykk at somme uroa seg for den sosiale stabiliteten i samfunnet. Sjølvaste president Theodore Roosevelt heldt ein tale der han oppfordra dei til å passe seg så dei ikkje gjekk for langt. Han meinte at dei stod i fare for å utløyse opprør og ein reaksjon frå dei kreftene dei kjempa mot.

I 1914 var møkkagravartida over i USA. Det var ikkje berre på grunn av Roosevelts tale. Rettssaker om ærekrenking gjorde sitt. Lesarane var dessutan gått trøytte av korsfararar og reformatorar. Og i 1914 byrja første verdskrigen.

Men innsatsen deira hadde ført til varige resultat. Monopolet til Standard Oil blei oppløyst, eit næringsmiddeltilsyn blei oppretta, ei lov om barnearbeid blei vedteken, marinen blei omorganisert, og valordninga til Senatet blei endra.

Og fenomenet var ikkje dødt. To generasjonar seinare skulle ny møkkagraving føre til at ein amerikansk president måtte gå av.

Avisene tek parti

Då dei moderne politiske partia blei danna på siste halvdelen av 1800-talet, førte det til ei oppblomstring av aviser. Dei nye partiavisene blei brukte som talerøyr for partiet, til informasjon og agitasjon, i tillegg til å bringe vanlege nyheiter. Særleg i Storbritannia, Tyskland, Frankrike, Russland og Skandinavia var dette vanleg.

Dei fleste byar og større tettstader i Noreg hadde både ei høgre- og ei venstreavis rundt 1900, og snart kom arbeidaravisene i tillegg. I 1918 hadde talet norske aviser auka til 250 frå 40 i 1850. Hos oss dominerte partipressa heilt til ut i 1960-åra.

I Tyskland blei alle dei 4 700 avisene i landet anten stengde, konfiskerte eller kontrollerte av nazipartiet då det kom til makta i 1933. Redaktørar som protesterte, blei sende i konsentrasjonsleir. Dei avisene som kom ut, blei brukte til propaganda. Avisa Der Stürmer gjekk så langt i antisemittismen sin at redaktøren blei dømd til døden i Nürnberg for brotsverk mot menneskeslekta. Då krigen var over, brukte amerikanarane millionar av dollar for å få den frie pressa på beina igjen i Tyskland.

Også USA innførte sensur under verdskrigen, men han var mildare enn under andre krigar. Han hindra ikkje at debatten rasa om beredskapen, moglege konspirasjonar mellom amerikansk og tysk industri før krigen braut ut, og kritikkverdige forhold i hæren.

Den andre verdskrigen førte i Noreg til at talet på aviser blei redusert frå 260 til 114. Mange av dei som var blitt stoppa av okkupantane, starta opp igjen etter krigen. Men dei sleit med å vinne tilbake dei gamle abonnentane. Særleg nummer to-avisene, dei avisene som var nest størst på utgivarstaden, hadde vanskeleg for å få endane til å møtast. Då overgangen frå blysats til fotosats i 1960-åra kravde store investeringar, måtte mange av dei gi tapt. 55 aviser blei lagde ned mellom 1950 og 1975.

«Eg er ingen kjeltring»

17. juni 1972 arresterte politiet fem menn som hadde brote seg inn i kontora til valkamporganisasjon til det demokratiske partiet i Watergate-bygninga i Washington DC. FBI avdekte at dei hadde tilknyting til Det kvite huset. Nixon gjennomførte ei gransking og uttalte at han kunne seie heilt sikkert at ingen i staben eller administrasjonen hadde hatt noko med innbrotet å gjere.

Hadde det ikkje vore for to ferske reporterar i Washington Times, Bob Woodward og Carl Bernstein, ville historia slutta der. Hjelpte av ei anonym kjelde som dei kalla Deep Throat, avdekte dei litt etter litt eit nettverk av ulovlege aktivitetar i Det kvite huset og Justisdepartementet, inkludert utpressing og stikkpengar.

To år seinare måtte president Nixon innsjå at han ikkje lenger var i stand til å dekkje over ulovlegheitene, og gå av.

Framsida til The New York Times med ei sak om Watergate-skandalen. Faksimile.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Watergate-skandalen var eit høgdepunkt for den undersøkjande journalistikken, også kalla gravejournalistikk. Her levde pressa opp til idealet om å vere ei vaktbikkje, gjennom å gjennomføre ei kritisk overvaking av makthavarane i samfunnet. Utan pressa ville ikkje sanninga komme fram.

Dette hadde også skjedd under Vietnamkrigen nokre år tidlegare. Rapportane og ikkje minst bileta frå slagmarka skapte ein opinion mot krigen. I 1971 publiserte New York Times det dei kalla «Pentagonpapira». Det var ei hemmeleg skildring av krigen som viste at regjeringa systematisk hadde loge ikkje berre for folket, men også for dei folkevalde. Det var denne saka som fekk presidenten til å setje opp ei gruppe av «røyrleggjarar» som skulle tette lekkasjane, og som året etter braut seg inn i Watergate.

Desse sakene, og andre skandalar som også blei avdekte i tida som kom, førte til ei splitting i korleis folk oppfatta pressa. Mange konservative følte at ho var konfliktskapande og fiendtleg. Det blei danna konservative nyheitsorganisasjonar som «Fox News», med klar front mot den «liberale» pressa. Mens meiningsmålingane i 1980-åra viste at 40–50 prosent hadde tillit til pressa, var talet halvert i 2010.

I Noreg blei NRK i ein periode kalla «ARK» av somme konservative, ei forkorting for «Arbeidarpartiets rikskringkasting». Ei norsk meiningsmåling i 2011 viste at 28 prosent hadde tillit til media.

I 175 år har avisa The Times-Picayune komme ut i New Orleans. Midt under katastrofen då orkanen Katrina raserte byen i 2005, heldt avisa fram med å rapportere under slagordet: «We publish, come hell and high water.» Reportasjane skaffa avisa ein Pulitzerpris.
Sommaren 2012 blei New Orleans den første større amerikanske byen utan ei dagsavis. Times-Picayune såg seg nøydde til å redusere utgivingane til tre gonger i veka. Fleire amerikanske dagsaviser følgde etter.

Kva hadde skjedd?

Svaret er, som du nok allereie har gjetta: onternett.

Dei trykte avisene opplevde ei blomstring utan sidestykke mellom 1945 og 1970. Fotosats og offset-trykk gjorde produksjonen billigare, og inntektene til eigarane auka. Store internasjonale investorar kjøpte opp avis etter avis. Rupert Murdoch, ein av dei nye pressebaronane, skildra ein gong inntektsstraumen frå avisene sine som «ei elv av gull».

Så kom internett. I løpet av 1990-åra hadde dei fleste avishusa lagt utgåvene sine på nett. Dei likna dei trykte avisene på dei fleste måtar bortsett frå éin: Dei var gratis.

Det var vanskeleg å ta betalt for innhald på nettet. Dessutan rekna utgivarane med at dei kunne subsidiere nettavisa med inntektene frå papiravisa, som framleis var romslege.

Desse inntektene kom i stor grad frå reklame. I 2000 var dei samla annonseinntektene i amerikanske aviser på over 60 milliardar dollar. Berre ti år seinare var summen redusert med to tredelar. Annonsørane føretrekte reklame på nettet, og berre ein brøkdel av denne hamna i nettavisene.

Ikkje berre tørka reklameinntektene inn, men stadig færre var villige til å betale for abonnementet. Kvifor betale når innhaldet låg gratis tilgjengeleg på nettet?

At papiravisene forsvinn, er naturlegvis trist for utgivarane. Det som uroar fleire, er kva som vil skje med journalistikken. Vi har sett korleis journalistikk har forma ein offentleg opinion som har skapt revolusjonar og velta presidentar. Gravejournalistar har brukt år på å arbeide seg gjennom løgner og bortforklaringar for å avdekkje urett. Vil dette framleis kunne skje dersom ingen lenger er villig til å betale for det?

CC BY-SASkrive av Øyvind Høie.
Sist fagleg oppdatert 08.12.2020

Læringsressursar

Mediehistoriske tidslinjer (fordjuping)