Hopp til innhald

Fagstoff

Postmodernistisk film

Postmodernismen oppstod som ein reaksjon på krava modernismen hadde til kunstnarisk form og innhald. Mens modernismen stiller seg avvisande til massekulturen, gjer postmodernismen det motsette. Postmoderne filmskaparar refererer ofte til kjente medietekstar.

Postmodernismen kombinerer nytt og gammalt, høgkultur og massekultur. Postmoderne filmskaparar spelar på (referansar) til kjente medietekstar og ironiserer over både eigne og andre sine verk. Resultatet er ofte eit leikande og frodig uttrykk.

Filmen ser på seg sjølv

Bruk av metaperspektiv er typisk for mange av dei filmane som er produserte dei siste 30 åra. Eit metaperspektiv er eit overordna perspektiv som oppstår når ein tek eit steg bakover og ser på seg sjølv utanfrå. Mange filmar tek utgangspunkt i episodar eller periodar i filmhistoria. I filmen Europa frå1990 kommenterer Lars Von Trier store delar av filmhistoria, som tysk ekspresjonistisk film og film noir. Fleire av filmane til David Lynch viser også tydeleg til stilretningar som film noir og ikkje minst til surrealismen.

I filmen The Purple Rose of Cairo (Kairos røde rose) (1984) av Woody Allen er temaet sjølve filmopplevinga, og filmen som medium for den som ønskjer seg bort frå det verkelege livet. For den kvinnelege hovudpersonen er kinoen ein stad der ho kan søke tilflukt frå ein grå og trist kvardag. Her møter ho heltane frå den klassiske filmen. Men ein dag trer yndlingshelten hennar ut av lerretet. Høgdepunktet i filmen er når han kommenterer og stiller seg kritisk til si eiga rolle.

Sjangerblanding

På 1980- og 1990-talet leika både biletkunstnarar, forfattarar, musikarar og filmskaparar med sjangrar og stil. Sjangerbrot og stilblanding er tydeleg i David Lynch sin TV-serie Twin Peaks, og i filmar som Fire walk with me (1992), Wild at Heart (1990) og Mullholland Drive (2001) og Natural Born Killers (1994) av Oliver Stone.

Karakterane i den franske filmen Diva av Jean-Jacques Beineix er overflatiske. Vi møter det operafrelste postbodet som meir eller mindre uforskyldt blir vikla inn i ei kriminalhistorie. Typisk for denne filmen er metafiksjon (ein fiksjon som kommenterer seg sjølv), pastisj (kopi av stilistiske element frå ulike periodar), stilblanding og leik med bilete og sjangertrekk.

Filmscene med ei ung kvinne og ein ung mann ved eit bord. Mannen held eit whisky-glass. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge



I den norske TV-serien Erobreren (2012), som byggjer på ei bok av Jan Kjærstad, får vi i liten grad tilgang til kjenslene til hovudpersonen Jonas Wergeland. I staden blir det sett eit spørsmålsteikn ved kven han var, og kvifor handlinga utvikla seg slik ho gjorde.

Ironi og populærkultur

Teikneseriar, b-filmar og eventyr er ofte del av postmoderne forteljingar. Filmen Wild at Heart (1990) brukar til dømes fleire element frå teikneseriar. Blanding av høgkultur og lågkultur er derfor eit karakteristisk trekk ved postmodernismen.

Også innan TV-underhaldning finn vi postmoderne trekk. TV-serien Lille lørdag (1995–1996) med Harald Eia og Bård Tufte ironiserer over skuleteater som form. Animasjonsserien Simpsons er også eksempel på ein postmodernistisk medietekst: Metaperspektiv på Simpsons

CC BY-SASkrive av Sissel Stokkedal.
Sist fagleg oppdatert 19.01.2018

Læringsressursar

Mediehistoriske tidslinjer (fordjuping)