Hopp til innhald

Fagstoff

Den store tekniske revolusjonen 1850–1920

Teknisk utvikling gjorde at mange nye medium voks fram på slutten av 1800-tallet. Filmen blei det andre store massemediet ved sida av avisa. Mange nye aviser oppstod som talerøyr for dei politiske partia, både nasjonalt og regionalt.

Modernitet og tru på framtida

Industrialisering og ein straum av nye tekniske oppfinningar i siste delen av 1800-talet var del av ein moderniseringsprosess som har røter heilt tilbake til 1400-talet. Det moderne mennesket trur på framskrittet og har ei førestilling om at det gode ligg i framtida. Måten samfunnet er ordna på, er ikkje fastsett ein gong for alle. Mennesket har fridom til å endre verda ut frå eiga fornuft.

I dei første fasane av norsk mediehistorie blir fokuset flytta frå det kollektive til det individuelle og til dei rettane kvart enkelt menneske har som borgar i samfunnet. Så tidleg som i 1739 slo Lov om Almueskole fast at barn på bygdene hadde plikt til å gå på skule. Men den nye skulelova av 1860 presiserte at skulen ikkje lenger berre skulle gje barna "ei kristeleg oppseding", men også gjere dei til gode statsborgarar.

Byane veks

Den industrielle revolusjonen endra produksjon og samfunnsliv. Industribedriftene henta arbeidskrafta frå bygdene, og folketalet i byene voks. Produksjon og distribusjon av massemedium var saman med leseopplæring dei viktigaste føresetnadene for utviklinga av det moderne norske demokratiet i perioden 1850–1920.

Folk reiste frå bygdene til byane med jernbanen, og passasjerane blei ein marknad for lesestoff. I 1890-åra etablerte J.B. Narvesen kioskar på jernbanestasjonane. Her selde dei aviser og tidsskrift til dei reisande.

Nye medium ser dagens lys

Dei store tekniske framskritta gjorde at mange nye medium voks fram i denne perioden. Døme er telegrafen, telefonen, grammofonen og fotografiet. Kommunikasjon via telegraf og telefon endra kommunikasjonsmønsteret og knytte ulike landsdelar tettare saman.

Ny teknologi gjorde det etter kvart mogleg å vise fram "levande bilete". Filmen blei det andre store massemediet på slutten av 1800-tallet og etablerte seg raskt som eit sentralt underhaldingsmedium. Kinematografen, som var eit system for framvisning av film, blei utvikla av franskmennene Auguste og Louis Lumière i 1885. Dei første filmane til brødrane Lumières (YouTube)

Parlamentarismen

Grunnlova i 1814 slo fast at makta skulle delast mellom kongen, Stortinget og domstolane. Kongen valde sjølv kven som skulle vere medlem av regjeringa (kongens råd). Etter kvart oppstod det ein maktkamp mellom dei folkevalde og den svenske kongen om kven som hadde den overordna makta i landet.

I 1884 blei parlamentarismen innførd i Noreg. Parlamentarisme inneber at eit fleirtal i Stortinget kan felle regjeringa. Ei regjering må altså vere sett saman slik at ho speglar av maktforholda i Stortinget. I 1880-åra blei det etablert politiske parti som støtta ulike regjeringsalternativ. Først ut var Venstre og Høgre i 1884, deretter Arbeidarpartiet i 1887 og Bondepartiet i 1920.

Parlamentarismen førte til kraftig vekst i talet på aviser i Noreg. Avisene fungerte som partipolitiske talerøyr, både på nasjonalt og regionalt nivå, heilt fram til 1970-talet.

CC BY-SASkrive av Marte Lindstad Næss. Rettshavar: Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 13.11.2017

Læringsressursar

Mediehistoriske tidslinjer (fordjuping)