Hopp til innhald

Fagstoff

Ekspresjonistisk film

Ekspresjonismen var ei stilretning innan film som oppstod i Tyskland på 30-talet. Ekspresjonistane var opptekne av den subjektiv opplevinga av røyndommen. Eit kjenneteikn ved ekspresjonistisk film er bruk av lys- og skuggeeffektar.
Ei filmscene viser ein mann med flosshatt, briller og dress. Han ser skremd ut og held ein stokk framfor overkroppen. Bak han står ein heilt svartkledd mann med intenst blikk. I framgrunnen lener ei svarthåra kvinne seg til ein vegg. Biletet har mange og kraftige skuggar.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ekspresjonistisk film

Ekspresjonismen er ei filmatisk stilretning som oppstod i Tyskland i tida etter første verdskrigen, før nazistane overtok makta på byrjinga av 30-talet. Det filmatiske uttrykket slektar på annan ekspresjonistisk kunst, særleg den modernistiske målarkunsten, med bruk av få detaljar og forvridde former.

Stilretninga prega òg arkitektur, litteratur, teater, musikk og fotografi, men når ein snakkar om «tysk ekspresjonisme», er det ekspresjonismen innan filmkunsten ein siktar til. Først ut blant dei ekspresjonistiske filmane var Das Cabinet des dr. Caligari (1919) av Robert Wiene. Stilretninga nådde eit høgdepunkt i løpet av drygt ti år.

Vekt på subjektive opplevingar

Namnet ekspresjonisme kjem av expression, det vil seie «uttrykk». Filmane var meinte å målbere kunstnaren sine eigne subjektive kjensler. Målet var å syne tilskodarane rollefigurane sitt indre liv gjennom å forme og omforme utsjånad og omgivnader til eit subjektivt, psykologiserande uttrykk. Kjensleuttrykka fekk form av forvridde linjer, og overdrivne positurar braut med eit naturalistisk formspråk.

Ekspresjonismen i filmen blei òg påverka av den fantastiske litteraturen på 1800-talet med merkelege sinnstilstandar og skremmande figurar. Mary Shelleys Frankenstein (1818), Robert Louis Stevensons Dr. Jekyll og Mr. Hyde (1886) og Bram Stokers Dracula (1897) er dei mest kjende døma på slike romanar.

Sterke kontrastar og skumle skuggar

Ein annan ting som kjenneteiknar den tyske filmekspresjonismen, er bruken av skuggar og store kontrastar. Eit mykje brukt verkemiddel var å vise skuggane av personar før ein fekk sjå sjølve personen – eit klart bilete på dei mørke sidene ved menneskesinnet. Sterke skuggar kravde kraftige lyskastarar, noko som ikkje var lett å få tak i den gongen. I Dr. Caligaris kabinett blei derfor mange av skuggane måla på veggar og personar. Det var med på å gi filmen eit svært spesielt uttrykk, som høver med dei teatralske kulissane.

Sjå filmen Dr. Caligaris kabinett på YouTube.

I Hollywood tok filmskaparane etter kvart i bruk effektar som lys/skugge og vridde perspektiv inspirert av tysk ekspresjonisme. Mange av dei tyske filmskaparane flykta på 1930-talet, men i ettertid er det i hovudsak Fritz Lang og Karl Freund som har fått æra for å ha teke med seg dei ekspresjonistiske teknikkane til USA.

Vi finn att verkemidla innan såkalla film noir. Amerikanske kriminalfilmar frå 40-, 50- og tidleg på 60-talet nytta ofte teknikkar med skuggar, som vi kan kjenne att frå dei gamle tyske filmane. Seinare har mange skrekkfilmar brukt dei same verkemidla.

Kjende regissørar innanfor ekspresjonismen var Friedrich Wilhelm Murnau og Fritz Lang. Murnau laga vampyrfilmen Nosferatu (1922), Den siste latteren (1924) og filmatiserte Goethes Faust (1926). Lang regisserte mellom anna Der müde Tod (1921), Dr. Mabuse (1922) og Metropolis (1926).

Eit filmatisk høgdepunkt innan ekspresjonismen er filmen M av Fritz Lang frå 1931. Ei scene viser ei lita jente som kastar ball mot ein vegg der det heng ein plakat med overskrifta «Kven er mordaren?». Vi ser så berre skuggen av forbytaren idet han bøyer seg over offeret sitt. Sjå det første minuttet av filmscena her (YouTube).

CC BY-SASkrive av Jon Hoem. Rettshavar: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 18.01.2018

Læringsressursar

Mediehistoriske tidslinjer (fordjuping)