Hopp til innhald

Fagstoff

Fransk nybølgjefilm

På1950-talet dukkar meir modernistiske tendensar fram hos unge franske filmregissørar. Dei var opptekne av film som kunstuttrykk, på linje med litteratur og målarkunst og braut med etablerte filmkonvensjonar.

Modernismen kjem til filmlerretet

Det klassiske filmspråket har vore det dominerande filmspråket heilt frå 1930-åra. Det legg vekt på at representasjonen skal vere så saumlaus som mogleg. Teknologi og forteljarstruktur bør helst vere usynleg, slik at publikum kan drøyme seg bort og identifisere seg med det som skjer på lerretet. Dramaturgien blir ofte omtalt som Hollywood-modellen, og filmatiseringa følgjer klassiske prinsipp som 180-gradarsregelen (ikkje aksebrot) og kontinuitetsklipping.

På 1950-talet dukkar meir modernistiske tendensar fram hos unge franske filmregissørar. Dei var opptekne av film som kunstuttrykk, på linje med litteratur og målarkunst. Den nye bølgja består av filmskaparar som François Truffaut, Alain Resnais, Jean-Luc Godard, Éric Rohmer og Claude Chabrol. Dei hadde bakgrunn frå tidsskriftet Cahiers du cínema, som blei grunnlagt i 1951 av André Bazin.

Regissøren som kunstnar

Desse unge filmskaparane tok kameraet med seg ut av studioet og ut på gata. Dei ville filme «verkelege liv». Filmane fekk derfor eit dokumentarisk preg. Filmskaparane var opptekne av iscenesetjing og djubdefokus-estetikk. Ikkje minst var dei opptekne av regissøren som auteur (forfattar), ein kunstnar som brukte kameraet sitt på same måte som forfattaren brukte pennen og målaren penselen. I Hollywood hadde til samanlikning produsenten det overordna ansvaret. Regissøren blei berre hyra inn for å instruere skodespelarane.

Metaperspektiv og brot på konvensjonar

Filmane var ofte lågbudsjettfilmar og hadde eit tydeleg alternativt preg med bevisste brot på etablerte forteljarkonvensjonar. For eksempel blei det brukt jump cut og aksebrot for å skape distanse. Med ein estetikk som står i kontrast til den klassiske filmen, minner Jean-Luc Godard sin film Til siste andedrag oss om at det er film vi ser, ikkje det verkelege liv.

Nybølgjeregissørane ønskte å problematisere forteljarplanet i filmen. Som skaparen av verket skulle regissøren la si stemme kome til uttrykk på lerretet. Filmane liknar derfor i større grad på «fortalde forteljingar». blir for eksempel ofte brukt for at forteljarstemma skal tre tydeleg fram. Dette står i kontrast til klassisk film der verkemidla skulle vere skjulte og underlagde dramatikken i handlinga. Filmen Til siste andedrag er også ein kommentar til underhaldningsfilmar frå Hollywood. Det er også eit eksempel på bruk av metaperspektiv i filmen.

Open slutt

I nybølgjefilmane er konfliktane mellom karakterane ofte viktigare enn sjølve handlingsgangen. Mens den klassiske filmen ønskjer å svare på spørsmåla som blir stilte i opninga av filmen, fell ikkje alltid alle brikkene på plass i nybølgjefilmane. Filmane blir derfor meir opne og tvitydige, også etter at det siste biletet har rulla over lerretet.

Stemningsbilete frå eit filmsett. To menn står i ein bakgard, det er røyk i lufta. Omkring står fleire filmarbeidarar med mellom anna kamera og mikrofonar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Sissel Stokkedal.
Sist fagleg oppdatert 08.12.2020

Læringsressursar

Mediehistoriske tidslinjer (fordjuping)