Hopp til innhald

Fagstoff

Ei lesande offentlegheit 1660–1814

Innføring av eineveldet Danmark-Noreg i 1660 kan seiast å vere startpunktet for norsk mediehistorie. Trykkjekunsten gjorde det mogleg å massedistribuere bøker og aviser. At folk lærte å lese og eit offentleg postverk skapte ei lesande offentlegheit i Noreg på 1700-talet.

Trykkjekunsten gir grobotn for nye medium

Det er vanleg å seie at den internasjonale mediehistoria begynner med trykkjekunsten, som blei utvikla av Johan Gutenberg i Tyskland rundt 1450. 1660 blir rekna som starten på norsk mediehistorie. Då blei eineveldet innført i Danmark-Noreg, og all verksemd låg no under kongen i København.

Det var i denne perioden vi fekk dei første permanente trykkjeria i Noreg. Det var ikkje berre bøker som blei trykte, også dei første avisene kom ut no.

Framveksten av ei lesande offentlegheit

Trykkjekunsten og opprettinga av Postverket i 1647 gjorde det mogleg å spreie informasjon til mange menneske på kort tid. Ein annan viktig føresetnad var at folk kunne lese. Undersøkingar syner at det så tidleg som midt på 1700-tallet var få analfabetar i Noreg, sjølv på landsbygda.

Avisene blei dei første massemedia, og med avisene voks det fram ei lesande offentlegheit. Folk flest fekk kunnskap om det som skjedde i rundt om i verda, og kunne ut frå dette danne seg eigne meiningar om styresett og myndigheiter.

Tittelbladene til Norske kongers Chronica fra 1633. Faksimile.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sensur og kongeleg godkjenning

Gammel avisforside med gotisk skrift. Foto.

Makthavarane svarte med å innføre sensur. Boktrykkjarar måtte ha kongeleg løyve, og aviser blei utgidde etter godkjenning frå kongen. Men undertrykking fører til opprør, og snart kravde radikale krefter trykkjefridom.

– Då sensuren i Danmark-Noreg blei oppheva i 1770, blei den frie offentlege debatten fødd. Kva vi legg i dette uttrykket, har kanskje ikkje endra seg så mykje fram til i dag, sjølv når debatten går føre seg på Internett, seier Henrik G. Bastiansen. Han er medieforskar og har mellom anna skrive boka Norsk mediehistorie.

På nettsidene til Nasjonalbiblioteket kan du bla i ei utgåve av Norske Intelligenz-Seddeler frå 1777

CC BY-SASkrive av Marte Lindstad Næss. Rettshavar: Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 15.05.2018

Læringsressursar

Mediehistoriske tidslinjer (fordjuping)