Hopp til innhald

Fagstoff

Realistisk film

Realistiske filmar handlar om personar og miljø som vi kjenner att frå vår eigen røyndom. Neorealisme blir brukt om dei realistiske filmane som blei laga i Italia etter 2. verdskrigen. Poetisk realisme skildrar ofte dei dystre siden i livet på ein poetisk, men realistisk måte.
Anna Magnani i Roberto Rossellinis film "Roma – åpen by" (1945).

Neorealismen

Denne filmatiske stilretninga oppstod i Italia i tida like etter 2. verdskrigen, som ein reaksjon mot den klassiske filmen. Omgrepet neorealisme blei nytta for å skilje mellom ein «ny realisme» og den «første realismen» i stumfilmtida. I staden for fantasiforteljingar ville ein lage filmar som viste vanlege menneske og realistiske person- og miljøskildringar. Under 2. verdskrigen var det i Italia berre blitt laga lette komediar og patriotiske filmar. Med neorealismen skulle derimot filmane ta opp dei verkelege samfunnsproblema. Eit typisk trekk var at det meste av handlinga gjekk føre seg utandørs.

Epoken som vi kallar neorealisme, blei innleidd med Roberto Rossellinis Roma – open by (1945). Filmen vann prisen for beste film ved Cannes-festivalen i 1946. Han fortel om den vanskelege tida under krigen, då Roma var okkupert av tyskarane. Rossellini byrja arbeidet med denne filmen allereie før frigjeringa. Råfilm av dårleg kvalitet og vanskelege opptakstilhøve gav filmen ein røff biletkvalitet, det vi kan kalle eit dokumentarisk preg. Klippet vi ser her, tek opp ein situasjon som var utbreidd i mange europeiske byar etter krigen, kvinner som tente til livsopphald gjennom prostitusjon.

Eit anna døme på neorealisme er filmen Sykkeltjuvane, regissert av Vittorio Dei Sica i 1948. Handlinga er lagt til Roma like etter krigen, og filmen fortel historia om Antonio, ein arbeidslaus mann som får jobb med å klistre opp plakatar. For å få jobben må han ha ein sykkel, og kona hans sel sengkleda deira for å skaffe pengar. Sykkelen blir likevel stolen, og Antonio freistar i desperasjon å stele ein annan sykkel, men blir teken på fersk gjerning.

Poetisk realisme

I Frankrike kom realismen i filmen til uttrykk på ein annan måte, gjennom det som blei kalla poetisk realisme. Her var òg idealet at filmane skulle vise fram røyndomen. Filmane handla gjerne om fattige og utstøytte menneske. Dette blei gjort med svært stemningsfylte og ofte iscenesette bilete med eit mørkt og dystert uttrykk. Uttrykket i filmane har mykje sams med film noir.

Eit døme på fransk poetisk realisme er ”Dagen gryr” (Le Jour Se Leve), av Marcel Carné (Frankrike 1939). Hovudpersonen François er sperra inne. Medan han ventar på at politiet skal kome, hugsar han tilbake på korleis han blei ein drapsmann. Gjennom tre tilbakeblikk møter vi menneska som blir avgjerande for historia.

Neorealismen varte ikkje stor lenger enn eit lite tiår. Allereie på midten av 50-talet byrja neorealismen å bli mindre populær. Dei italienske styresmaktene likte dårleg at filmane viste dei sosiale problema i landet. Det blei difor innført eigne lover som førte til sterkare statsstyring av filmindustrien. Men sjølv om neorealismen forsvann som eiga stilretning, fekk ideane som låg til grunn for filmane, mykje å seie, òg i andre delar av verda.

Arven etter neorealismen

Mange av dei trekka som kjenneteiknar neorealismen, finn vi att i andre filmar, som Fernando Meirelles City of God. Denne brasilianske filmen frå 2002 hentar handlinga frå den mest brutale slummen i verda, Cidade dei Deus i Rio de Janeiro. På same måten som i neorealismen brukar Meirelles faktiske location og amatørskodespelarar. Filmen blei ikkje spelen inn i Cidade dei Deus, rett og slett fordi det var for farleg.

Alexandre Rodrigues i den brasilianske filmen "City of God " (2002).
CC BY-SASkrive av Jon Hoem. Rettshavar: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 18.05.2022

Læringsressursar

Mediehistoriske tidslinjer (fordjuping)