Hopp til innhald

Fagstoff

Internasjonal fjernsynshistorie

Fjernsynshistoria tek til på 1930-talet, men først mellom 1950 og 1960 blei TV-apparatet allemannseige. Få andre medium har hatt så stor innverknad på demokrati- og samfunnsutviklinga.
Eit svært gammaldags fjernsynsapparat står oppstilt. Det er stort, men skjermen er liten. Vi ser ryggane på ein familie som sit og ser på. Faksimile.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fjernsynet blei fødd mange gonger

Då kong Olav V opna den første offisielle fjernsynssendinga i Noreg 20. august 1960, var mediet allereie gammalt. Men akkurat kor gammalt er det ikkje så lett å bli einige om. Mediet som førte verda saman til ein global landsby, blei nemleg sjølv utvikla globalt.

Allereie i 1925 klarte skotten John Logie Baird å sende rørlege bilete gjennom lufta i eit varehus i London. Han fekk etter kvart i gang prøvesendingar i samarbeid med BBC. To sendarar måtte til, éin til bilete og éin til lyd. Til å begynne med hadde han berre den eine, så dei første seks månadene bestod sendingane av to minutt bilete og to minutt lyd etter kvarandre.

Sjå klipp frå ei filmavis der Baird demonstrerer oppfinninga si: John Logie Baird describes first television

Baird, og andre oppfinnarar i USA, Russland og Japan, brukte mekaniske delar saman med elektronikk i apparata sine. Den første som kunne vise fram eit heilelektronisk system, var amerikanaren Philo Farnsworth i 1928. Han hamna i ein patenttvist med RCA, der Vladimir Zworykin hadde utvikla eit liknande system. Farnsworth vann saka og er blitt ståande som den siste av dei store oppfinnarane som heilt på eiga hand utvikla banebrytande ny teknologi.

«Fødselen til fjernsynet» blei annonsert med brask og bram i 1939 på verdsutstillinga i New York, sjølv om BBC då hadde hatt regelmessige sendingar i tre år. Sjølvaste president Franklin D. Roosevelt talte på skjermen. Publikum kunne prøve seg framfor kameraa, og RCA viste fram dei nye mottakarapparata sine, der nokre modellar måtte kombinerast med ein radio om ein ville høyre lyd saman med bileta.

Utviklinga fekk ein brå stopp då den andre verdskrigen braut ut. I dei krigsramma landa hadde folk anna å tenkje på, og ingeniørane trongst til å utvikle radar og annan militær teknologi. «Eg trur eg kyssar deg no», var dei siste orda som gjekk på lufta før sendaren i London blei slått av 1. september 1939. Den som fekk kysset, var Mikke Mus.

Men folk hadde fått ein forsmak, og då krigen var slutt, eksploderte interessa. I USA steig produksjonen av TV-apparat frå 178 000 i 1947 til 15 millionar fem år seinare. Halvparten av alle amerikanske heimar hadde TV i 1955. I Storbritannia voks talet på lisensar frå knapt 15 000 i 1947 til over 1 million i 1951, og 3,2 millionar i 1954. Også i Frankrike og Sovjetunionen breidde TV-antennene seg ut over hustaka.

Tante veit best

«Set opp ei fjernsynsantenne på huset, så vil du bli forbløffa over kor mange venner du har i gata», skreiv ei engelsk avis i 1953.

BBC skulle nemleg dekkje kroninga av dronning Elizabeth II. Den elleve timar lange sendinga blei det definitive gjennombrotet for fjernsynet i Storbritannia. 20 millionar menneske følgde sendingane på dei to millionar fjernsynsapparata som fanst, halvparten som gjestar hos familie og naboar, akkurat som avisa hadde spådd. Ei meiningsmåling viste at 98 prosent var «fullstendig tilfreds» med sendingane.

Stor folkemengde stimler sammen foran butikkvindu. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjåarane kom gjennom TV-kameraa for første gongen tett innpå dei kongelege og andre samfunnstoppar. Det gav meirsmak. Nasjonale storhendingar blei frå no av mediehendingar.

BBC var lisensfinansiert og derfor ikkje utsett for press frå næringslivet eller publikums smak slik som dei amerikanske kanalane var. Til gjengjeld skulle BBC fungere som allmennkringkastar og vere uavhengig og nøytral. På folkemunne fekk dei tilnamnet «Auntie» (etter uttrykket «tante veit best») fordi somme av folkeopplysningsprogramma kunne bli litt vel oppdragande. I 1955 fekk dei konkurranse frå det kommersielle TV-nettverket ITN.

Britisk fjernsynsproduksjon blei tidleg kjend for dramaproduksjonar av høg kvalitet. BBC knytte til seg dyktige regissørar og oppretta ei eiga manusavdeling. Sciencefictionserien Dr. Who starta i 1963. Han er blitt ein kultserie og blir framleis produsert, rett nok med ein pause frå 1989 til 2005. Forsytesagaen frå same året blei vist over heile verda, og til og med seld til Sovjetunionen. Mens amerikanske seriar ofte var actiondrivne og gjerne litt glamorøse, utmerkte engelskmennene seg med karakterdrivne drama, anten det var påkosta historiske kostymedrama eller sosialrealistiske kriminalseriar.

«Ei enorm øydemark»

Kunnskapskonkurransar, familiekomediar heilt utan truverd, blod og tore, kaos, vald, sadisme, mord, westernskurkar, westernheltar, privatdetektivar, gangsterar, meir vald og teiknefilmar. Uendeleg mykje reklame. Og mest av alt: keisemd.

Slik skildra Newton Minow ein typisk amerikansk TV-dag i 1961. Ei enorm øydemark, «a vast wasteland», spissformulerte han. Minow var leiar av FCC, medievaktbikkja til den amerikanske regjeringa, og ønskte seg meir folkeopplysning i TV.

To menn med cowboyhatt sit og ler i eit fjernsynsstudio. Foto.

Reklamekronene strøymde nemleg til det nye mediet, og 1950-åra blei på mange måtar ein gullalder for amerikansk TV-produksjon. Edvard R. Murrow, Walter Cronkite og andre radiostjerner frå krigstida flytta over i TV og bygde opp nyheits- og aktualitetsprogram. Dei populære radiohøyrespela blei omdanna til TV-seriar. Westernserien Gunsmoke (Krutrøyk på NRK frå 1969 til 1974) begynte på radio i 1952, gjekk på TV frå 1955 til 1975 og blei med sine 635 episodar den lengste dramaserien nokon gong. Ein annen attraktiv programtype overteken frå radioen var kunnskapskonkurransane, som også sette norske TV-sjåarar på hovudet då NRK sende Kvitt eller dobbelt i 1960-åra.

Men det skulle vise seg at reklamefinansieringa hadde ei bakside i fjernsynet akkurat som i radioen.

Reklameinntektene på eit program er avhengig av kor mange som ser på, den såkalla sjåarmålinga eller ratinga. Og det var ikkje nødvendigvis kvalitet som drog sjåarar. Dessutan var kvalitetsprogramma ofte dyre å produsere. Finansieringsmodellen førte derfor til at store mengder billige, masseproduserte program som såpeoperaer og kunnskapskonkurransar fylte det meste av sendeflata.

Noen produsentar lét seg freiste til å ta ureielege metodar i bruk for å trekkje til seg sjåarar. Dei største kunnskapskonkurransane kunne ha opptil 64 000 dollar i premie, og mange av deltakarane blei kjendisar. Det blei ein stor skandale då granskingar viste at fleire konkurransar var rigga og resultatet bestemt på førehand. Sjåaroppslutninga sokk som ein stein, og mange show blei kansellerte.

TV-marknaden i USA var lenge delt mellom dei kommersielle nettverka ABC, CBS og NBC (pluss Fox frå 1986). I 1967 blei det oppretta ein allmennkringkastar, nettverket PBS, som blir finansiert av offentlege løyvingar og gåver frå sjåarar og næringsliv. Det er her den populære barneserien Sesame Street blir produsert.

Vi morar oss til døde

Joe Biden brukte 600 millionar dollar, tilsvarande 5,6 milliarder norske kroner, på TV-reklame i samband med presidentvalet i USA hausten 2020. Kvar TV-debatt samla ca. 100 millioner sjåarar. Det er altså ingen tvil om at fjernsynet speler ei viktig rolle i amerikansk valkamp.

I presidentvalet i 1960 møttest kandidatane for første gongen til debatt på TV. 70 millionar sjåarar følgde sendinga. Nixon kom rett frå eit to vekers sjukehusopphald og hadde avslått å bli sminka. Skjeggstubbane syntest i det skarpe lyset, og han verka utilpass. Den unge demokratiske kandidaten, John F. Kennedy, var sommarbrun og roleg. Dei som følgde debatten på radio, meinte etterpå at Nixon hadde vunne, men TV-sjåarane heldt Kennedy som den beste. Forskarane er ueinige om det hadde nokon reell innverknad på valutfallet. Men hendinga viste at som følgje av TV-mediet blei det visuelle inntrykket ein viktig faktor også i politikken.

Den amerikanske medieprofessoren Neil Postman har skrive om korleis overgangen frå ein skriftbasert til ein biletbasert kultur har endra den offentlege samtalen. På 1800-talet kunne folk møte fram i hopetal for å høyre ein politikar argumentere i ein time eller to for politikken han ville føre. I 1962 tapte Nixon for Kennedy i presidentvalet blant anna fordi han ikkje såg bra ut på TV-bileta.

Politiske val liknar i vårt biletbaserte mediesamfunn meir og meir på popularitetskonkurransar, og uvesentleg kjendisstoff og underhaldning fyller ein stadig større del av nettavisene. «Vi morar oss til døde», spissformulerte Postman.

Seremonimeisteren

Folk stod tett på fortaua og jubla mot følgjet som køyrde gjennom Dallas sentrum den 22. november 1963. Frå ein open bil vinka den unge presidenten og hans populære førstedame tilbake. Plutseleg kunne ein høyre skot. Presidenten rykte til og fall saman mot Jacqueline. Bilane rasa av garde til nærmaste sjukehus, men det var lite å gjere. Ein halv time seinare var president Kennedy erklært død.

Sjå eit klipp om mordet på Kennedy på YouTube.

I TV-selskapet CBS fekk Walter Cronkite høyre om skota mens han åt lunsj. Han var ein av dei reporterane som var blitt berømte for radioreportasjane sine frå krigen i Europa, og var no ein svært respektert ankermann i TV-nyheitene. Ei meiningsmåling hadde kåra han til den mest truverdige mannen i Amerika. Utan manus gjekk han på lufta og fortalde om den forferdelege hendinga. Då han ein time seinare måtte gjere kjent at presidenten var død, blei røysta grautete, og han måtte stanse for å tørke bort nokre tårer.

Enorme sjåarmengder samla seg rundt fjernsynsapparata, ikkje berre i USA, men også i Europa der den nye satellitteknologien gjorde det mogleg å overføre hendingane direkte. «Inntil då hadde TV vore eit teater eller eit stadion», var det ein som sa. «Plutseleg blei det eit slags kapell der amerikanarane kunne halde Cronkite i handa. Han var anker og prest for alle.»

Det skulle ikkje bli ei einskildståande hending. Fjernsynet har vist seg å ha ein heilt spesiell evne til å samle eit folk i sorg. Britane opplevde det då lady Diana døydde, og vi her i Noreg i dagane etter tragediane i regjeringskvartalet og på Utøya 22. juli 2011. I to–tre veker etterpå var media prega av forteljingane til dei etterlatne, dei skadde, redningsmannskapar og politi. Dei dekte rosetog, minnestunder og gravferdsseremoniar. Reporterane viste eigne kjensler. For ei stund la media si vanlege konfliktorienterte og granskande rolle til side og fungerte som ein samlande nasjonal seremonimeister, ein sekulær prest. Fjernsynet spegla sorga til folket.

Barn rømmer nedover ein veg. Soldatar i bakgrunnen. Den eine jenta er naken etter å ha blitt bomba med napalm. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Krigen i stova

«Den verste fienden vi har, ser ut til å vere pressa», sa president Richard Nixon i 1971. Dagleg bringa fjernsynet det gruelege ved Vietnamkrigen heim i stovene til folk. Oppslutninga om krigen sokk som ein stein etter at TV-kanalane byrja antyde at han ikkje ville vere mogleg å vinne.

USA tapte først mediekrigen, er det blitt sagt. Deretter tapte dei Vietnamkrigen. Seinare forsking har rett nok vist at saka kan vere meir komplisert enn som så. Men det er liten tvil om at fjernsynet var i ferd med å bli det mediet som sterkast påverka den offentlege meininga.

TV-bileta er så sterke fordi vi oppfattar dei som verkelegheit. Vi gløymer lett at dei berre viser eit utsnitt av verkelegheita, og at vi kanskje tolkar dei feil.

Ei lita folkemengd ser på at ein statue blir riven ned frå sokkelen. Ein soldat står i framgrunnen. Foto.

Eit eksempel er bileta av jublande irakarar som velta ein kjempestatue av Saddam den dagen amerikanarane hærtok Bagdad. Nyheitskanalane tolka dei som ei storhending som markerte den endelege sigeren til amerikanarane, og sende dei om og om igjen med få minutts mellomrom. I verkelegheita bestod folkemengda berre av nokre få hundre på det meste, mange av dei journalistar og soldatar.

Den globale landsbyen

Biletet på skjermen var ikkje akkurat i HD. Ein grå skugge bevegde seg ved foten av noko som kunne sjå ut som ein stige. Flekkar av kvitt, skarpt lys flimra mot ein mørk bakgrunn. Ei uklar røyst sa: «That’s one small step for man, one giant leap for mankind.» Likevel sat 600 millionar menneske klistra til TV-skjermane over heile jorda, det største publikummet til då i det som var i ferd med å bli ein global landsby, ei verd der alle snakka om det same samtidig.

Då Apollo 11 landa på månen sommaren 1969, var det allereie sju år sidan den første TV-sendinga blei send samstundes på begge sidene av Atlanterhavet. Det var dei nye kommunikasjonssatellittane som gjorde det mogleg. Testar blei sette i drift sommaren 1962. Dei aller første direkteoverførte bileta var av fridomsstatuen i New York og Eiffeltårnet i Paris. Sendinga inneheldt elles diverse sportsinnslag og ein pressekonferanse med president Kennedy.

I 1980-åra blei det laga eigne TV-kanalar med bestemde typar innhald som berre blei sende via satellitt, anten til lokale kabelnett eller direkte til private parabolantenner. CNN sende nyheiter døgnet rundt, og MTV sende musikkvideoar.

Tilbake i 1960-åra hadde medieforskaren Marshall McLuhan skildra korleis verda ville skrumpe inn til ein «global landsby» når den elektriske kommunikasjonsteknologien blei i stand til å spreie informasjon frå einkvanstad til alle stader samstundes.

Men informasjonen hadde ein lei tendens til å gå berre éin veg. I 1980 kritiserte ein UNESCO-rapport den einsidige flyten av informasjon og kultur frå den rike delen av verda. I mange land var det vestlege kommersielle interesser som hadde bygd ut fjernsynet for å få tilgang til nye marknader. Flaumen av amerikanske TV-program og reklame førte til eit press på lokal kultur.

Men meir informasjon utanfrå bidrog også til at det såkalla «jernteppet» som isolerte Sovjetunionen og austblokklanda frå Vesten, fall i 1991 .

Fjernsynsapparatet får konkurranse av mobilen

I dag kan vi sjå TV-program på mobil eller nettbrett akkurat når vi ønskjer. Det har endra sjåarvanane. Omgrepet binge-watching eller seriefråtsing blir brukt om ein trend der sjåarane vel å sjå alle episodane i ein TV-serie på éin kveld. Mange TV-kanalar sender også nyheiter samandhengande gjennom heile døgnet.

Eit anna utviklingstrekk på 2000-talet er mediekonvergens. Det er ikkje lenger berre TV-selskapa som produserer og tilbyr TV-innhald. Det gjer også andre store mediebedrifter som Netflix, HBO, aviser og sosiale medium.

CC BY-SASkrive av Øyvind Høie.
Sist fagleg oppdatert 10.12.2020

Læringsressursar

Mediehistoriske tidslinjer (fordjuping)