Hopp til innhald

Mediesamfunnet 2

Mediedeltaking og medborgarskap

Mediedeltaking og medborgarskap handlar om mediebruk og rolla di som aktiv og kritisk deltakar i media. Kva moglegheiter og ansvar følger rolla? Du skal drøfte grunnleggande problemstillingar knytte til demokrati og ytringsfridom og sjå på korleis media påverkar individ og samfunn.

Ytringsfridom, pressefridom og demokrati

Ytringsfridom handlar om retten til å seie det du meiner. Det er ein grunnleggjande rett som står sterkt i Noreg. Pressefridom viser til retten pressa har til å drive med informasjon, kritikk og debatt, utan førehandskontroll. Ytrings- og pressefridom er ein føresetnad for demokratiet vårt.

Læringsressursar

Ytringsfridom, pressefridom og demokrati