Hopp til innhald

Fagstoff

Diktatorane si jakt på frie stemmer

Noreg er det landet i verda som har størst ytringsfridom. I andre land kan du bli kasta i fengsel, torturert eller drepen om du seier det du meiner. Journalist Øystein Windstad miste nesten livet på jobb i eitt av verdas verste diktatur.

I 2016 reiste ei gruppe med journalistar og menneskerettsadvokatar til Tsjetsjenia. Målet var å beskrive mangelen på ytringsfridom, demokrati og respekt for menneskerettane. I gruppa var den norske undersøkjande journalisten Øystein Windstad.

Turen enda med at journalistane sjølve vart angripne og bussen deira sprengt og brend av angriparane. I videoen kan du høyre Øystein si historie og sjå bilete og høyre lyd frå angrepet.

Lite fjelland med gammalt demokrati

Tsjetsjenia er eit lite land som ligg heilt aust i Europa, i Kaukasus. Landet har mykje til felles med Noreg: Mykje fjell, lite folk og lange demokratiske tradisjonar.

I Noreg byrja vi med demokrati mot slutten av vikingtida. Folk samla seg til ting, der ein avgjorde usemje med val i staden for krig.

Tsjetsjenia har fleire hundre år med demokratisk tradisjon. Før kunne alle som ville, stille til val for å bli ordførar i landsbyane – menn, kvinner, unge – og alle hadde stemmerett. Til liks med Noreg hadde dei ikkje adel og overklasse.

Men så skjedde det noko.

Okkupasjon og slutt på frie stemmer

På slutten av 1700–talet invaderte det russiske imperiet Kaukasus og Tsjetsjenia. Sidan då har det vore krig og okkupasjon, og Tsjetsjenia har berre periodevis vore sjølvstendig.

Etter to krigar på 1990–talet og starten av 2000–talet vart Tsjetsjenia igjen okkupert og ein del av Russland. Leiaren i landet heiter Ramzan Kadyrov og er sett inn av Russlands president, Vladimir Putin.

USA har sett i verk sanksjonar mot Ramzan Kadyrov fordi han står bak kidnappingar, tortur og drap. Folk som er kritiske til Kadyrov og brota hans på menneskerettane, har blitt skotne, både i Tsjetsjenia og i fleire europeiske land.

Alle overlevde

Journalistane som sat i bussen som vart angripen, var i Tsjetsjenia for å dokumentere overgrep og tortur som det Putin-støtta regimet står bak. I bussen sat også advokatar frå den russiske menneskerettsorganisasjonen Komiteen mot tortur.

Alle dei ni om bord overlevde angrepet, men fleire vart hardt skadde. Etter angrepet måtte Komiteen mot tortur leggje ned kontora sine i Tsjetsjenia. Det er no svært sjeldan at uavhengige journalistar reiser til Tsjetsjenia, fordi det blir rekna som svært farleg.

Det finst framleis russiske og internasjonale journalistar som skriv om menneskerettsbrota i landet. Ein av dei er Jelena Milasjina i den fredsprisvinnande avisa Novaja Gazeta. Ho har blitt drapstruga mange gonger, og sju av kollegaene hennar har blitt drepne.

Trass i trugsmåla skriv Jelena Milasjina framleis om menneskerettsbrota i Kaukasus og Russland. Milasjina har mellom anna fått ein pris frå den norske stiftinga Fritt Ord.

Kjelder

Den norske Helsingforskomité. (2017, 13. november). Lar seg ikke true til taushet. https://www.nhc.no/lar-seg-ikke-true-til-taushet/

Fritt Ord. (2016). Free Media Awards 2016: Elena Milashina – Russland. https://frittord.no/nb/priser/free-media-awards/elena-milashina-russland

Ramzan Kadyrov. (2020, 8. oktober). I Store norske leksikon. https://snl.no/.versionview/1262221

Matre, J., Johnsen, A. B., Bach, D. & Strøm, O. K. (2016, 10. mars): Norsk journalist angrepet i Ingusjetia. VG. https://www.vg.no/nyheter/utenriks/i/E1zk5/norsk-journalist-angrepet-i-ingusjetia

Walker, S. (2016, 10. mars). Journalists and activists beaten and bus torched on Chechnya tour. The Guardian. https://www.theguardian.com/world/2016/mar/10/journalists-beaten-and-bus-torched-on-chechnya-tour-say-activists

CC BY-SASkrive av Øystein Windstad.
Sist fagleg oppdatert 17.01.2022

Læringsressursar

Ytringsfridom, pressefridom og demokrati