Ytringsfridom og pressefridom
Ytringsfridom er eit overordna prinsipp i eit velfungerande demokrati og handlar om retten til å gi uttrykk for det du meiner. Retten til frie ytringar er ein føresetnad for at demokratiet vårt skal fungere.
I Noreg er denne grunnleggjande retten nedfelt i Grunnlova. I Grunnlova § 100 står det at "ytringsfridom skal det vere". I Den europeiske menneskerettskonvensjonen, som også gjeld i Noreg, heiter det dessutan at "enhver har rett til ytringsfrihet".
Sjå video der NRK Super forklarer ytringsfridom.
Å kunne uttrykkje seg fritt er eit djupt menneskeleg behov. Det er dessutan viktig for at vi skal kunne utvikle oss som individ og som samfunn. Dersom ytringsfridommen blir undertrykt, blir vi fråtekne ein viktig føresetnad for verdigheit og sjølvrespekt. I tillegg mister vi moglegheita til å utvikle samfunnet vårt på ein god måte.
Dei fleste demokrati har høg grad av ytringsfridom, og vi reknar gjerne ytringsfridom som ein del av grunnlaget for eit velfungerande demokrati.
Eit demokratisk styresett føreset at menneske deltek, og at meiningar blir forma, uttrykte, diskuterte og utvikla. På denne måten kan vi kome fram til betre politiske løysingar, og vi kan halde til ansvar dei som sit med makt i samfunnet. Vi kan òg forhindre at dei misbruker makta, og påtale og straffe dei dersom det likevel skjer.
Ytringsfridom og rett til å protestere mot misbruk av makt er naudsynt for demokratiet og høyrer til dei grunnleggjande menneskerettane.
Dersom du til dømes er misnøgd med statsministeren og regjeringa, skal du kunne seie dette høgt, skrive om det i aviser og på nettet, og gå i demonstrasjonstog, utan å risikere å bli straffa for det.
Du kan òg formidle synspunkta dine i munnlege samtalar på skulen, gjennom debattinnlegg i lokalavisa eller når du skriv eit innlegg eller deltek i diskusjonar i sosiale medium.
Ei ytring er meir enn berre eit skriftleg innlegg eller ein munnleg uttale. Eit fotografi, ein musikktekst eller val av filter over profilbilete i sosiale medium er òg måtar å uttrykkje meiningar på.
Ytringsfridommen står sterkt i Noreg, men du kan ikkje ytre deg om kva som helst. Nokre ytringar og utsegner kan skade og skape konflikt, både tilsikta og utilsikta.
Nokre former for ytringar er ulovlege, til dømes dei som oppmodar til rasistisk vald. Dei kan straffast med bøter eller fengsel. Lova set altså rammer og grenser for ytringsfridommen. Nokre ytringar blir avgrensa for å beskytte andre menneskerettar eller ytringsfridommen sjølv.
Samtidig er det viktig å hugse at ytringsfridommen er ein grunnleggjande rett, og at det derfor må vere særs sterke grunnar for å avgrense han. Denne balansen er ei av dei viktige utfordringane i eit demokrati.
Relatert innhald
Grunnlova set rammer og grenser for ytringsfridomen. Grov netthets kan straffast med bøter eller fengsel.
Pressefrihet viser til pressens rett til uten forhåndskontroll å bringe opplysninger og fremsette kritikk, for eksempel av offentlige myndigheter.
snl.no
Pressefridommen er ei viktig side ved ytringsfridommen. I Noreg har pressa ein grunnlovfesta rett til drive med informasjon, kritikk og debatt, utan førehandskontroll av styresmaktene. Pressefridommen til journalistar og redaktørar er eit sentralt element i ytringsfridommen slik denne går fram av Grunnlova § 100.
Nyheitsmedia har eit spesielt ansvar for å informere innbyggjarane og for å avsløre maktmisbruk og kritikkverdige forhold hos styresmaktene. Vi seier at media har ei viktig samfunnsrolle. Nyheitsmedia skal vareta det offentlege ordskiftet, og dei skal formidle informasjon som gjer at folk kan delta i samfunnsdebatten og ta bevisste val. Dette er ein viktig del av det vi kallar for pressa eller media sitt samfunnsoppdrag.
Skal vi ta aktivt del i samfunnet og delta i den offentlege debatten, er vi altså avhengige av ytringsfridom og pressefridom. På same måte kan vi seie at pressa sikrar ytringsfridommen ved å vere ein viktig arena for debatt.
I nokre land er det straffbart å kritisere styresmaktene. Omkring halvparten av befolkninga i verda lever i samfunn med ingen eller sterkt avgrensa ytringsfridom.
I land med totalitære regime er sensur eller offentleg førehandskontroll av ytringar ein viktig del av systemet. Sensur betyr at offentlege styresmakter set grenser for kva det er lov til å publisere og spreie offentleg.
For journalistar og mediekanalar i slike land kan det få store konsekvensar viss regimekritiske saker blir publiserte. All informasjon er strengt kontrollert. Her kan journalistar bli fengsla, torturerte og drepne for å drive med kritisk journalistikk.
Pressefridomsindeksen til Reportere uten grenser gir eit bilete av forholda for presse- og ytringsfridom i verda. Noreg er eit av landa som gir best vern av pressefridommen, og vi har i fleire år toppa pressefridomsindeksen. Du finn meir informasjon i desse artiklane:
Relatert innhald
Diskuter:
Kvifor er ytrings- og pressefridom ein føresetnad for eit demokratisk samfunn?
Pressefrihet. (u.å.). I Store norske leksikon. Henta 11. januar 2021 frå https://snl.no/pressefrihet