Hopp til innhald
Fagartikkel

Debatt, medium og offentlegheit

Media har alltid hatt ein viktig funksjon i å spreie informasjon til mange menneske samtidig. Det same gjeld for debatt. Ikkje alle kan vere til stades i same rom når ei viktig sak skal diskuterast, men dersom debattinnlegga blir publiserte i media, vil dei nå ut til mange likevel.

Vi seier gjerne at media er ein arena for debatt. Altså ein stad der debatt kan gå føre seg, og der alle kan vere med å diskutere sjølv om dei bur langt unna kvarandre. På fagspråk blir dette kalla offentlegheita. Dei fleste er einige om at ei velfungerande offentlegheit er ein styrke for demokratiet. Her har vi høve til å diskutere viktige samfunnstema med kvarandre og bli høyrde av både «vanlege folk» og dei som styrer landet, utan at vi treng å møtast i det same, fysiske rommet.

Ordvekslingar og debattar på radio og fjernsyn, i kommentarfelt til avisnyheiter og på Facebook-sider skjer altså i offentlegheita. Denne ytringa, Bør 16-åringer få stemmerett?, er publisert offentleg på Internett. Innlegget Innlegget er publisert på SiD-sidene til Aftenposten og det er eitt eksempel på ei ytring i den offentlege debatten om røysterett.

«Offentlig» forklart i Store norske leksikon

Alle som har adgang til, åpen, allmenn; som angår alle. Brukes også om det som gjelder stat eller kommune («offentlig sektor»). Som motsetning til offentlig brukes vanligvis privat.

De moderne demokratienes offentlighetsbegrep har sine røtter i opplysningstiden ved overgangen mellom 1700- og 1800-tallet.

I sin bok Borgerlig offentlighet fra 1962 hevder den tyske filosofen Jürgen Habermas at offentligheten da går over fra å forvaltes av en konge eller fyrste til å utgjøre et rom der alle frie borgere har rett og plikt til å delta i fri meningsutveksling.

En forutsetning for denne borgerlige offentligheten er en fri presse, der fri debatt mellom borgere fører til dannelse av en offentlig mening som statsmakten må ta hensyn til.

Habermas hevder at fremveksten av moderne massemedier som styres av interessegrupper, undergraver den individbaserte borgerlige offentligheten.[1]

Debatt i avisene

Tradisjonelt har avisene vore ein sentral arena for offentleg debatt. Nyheitsredaksjonar er med på å setje og forvalte dagsordenen for samfunnsdebatten, gjennom prioritering og vinkling av saker. Like viktig er det at avisene også er ein sentral arena for offentleg debatt. Avisredaksjonane bidreg med eigne kommentarar på leiarplass, og andre sine ytringar blir ofte publiserte på eigne debattsider. Aviser har altså tradisjon for å vere talerøyr.

Andre sine ytringar er debattinnlegg frå lesarar eller kronikkar skrivne av ekspertar innan eit fagfelt. Når ei sak skaper debatt, kan det gjerne vere fleire debattinnlegg om det same temaet publisert i same eller fleire aviser samtidig, eller over tid.

Med kommentarfelta i avisene kan det fort bli mange ytringar i ein og same debatt, ofte med skarp tone mellom dei som meiner det eine, og dei som meiner det andre. Våren 2017 var det for eksempel mange som engasjerte seg i kva slags innhald det er greitt at russelåtar skal ha. Her kan du lese om Russejenter ut mot russekultur.

Nokre aviser har valt å ha eigne debattsider spesielt retta mot ungdom. SiD-sidene til Aftenposten er kanskje det tydelegaste eksempelet på korleis unge stemmer blir løfta fram i samfunnsdebatten.

Korleis kan media leggje til rette for betre debattar?

TV-debattar framstår ofte som ein konkurranse i det å få hamra inn eigne standpunkt på ein slagkraftig måte. Mediekommentatorane forsterkar denne opplevinga når dei i etterkant kårar kven som er "taparar" og "vinnarar" i debatten. Det er sjeldan at nokon faktisk lyttar til andre sine argument og let seg påverke av desse.

Kva skjer når debatten går føre seg på andre premiss, der deltakarane ikkje får avbryte, men må ta seg tid til å lytte til og prøve å forstå motstandaren? I programserien Einig, som blei send på NRK i 2019, inviterte programleiaren Ingunn Solheim til eit nytt debattformat basert på nyansert dialog.

Sjå klipp frå programmet Einig og intervju med NRK-journalist og programleiar Ingunn Solheim. Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0

Debatt i andre medium

Debatt går føre seg ikkje berre i avisene. Facebook, Twitter, ulike nettforum, radio, TV, ja, alle medium kan reknast som debattarenaer. Og mens nokre medium, som TV og radio, er delvis lukka fordi ein må vere invitert gjest for å delta med meiningsytringane sine, kan vi seie at andre, særleg sosiale medium og kommentarfelta i avisene, er meir opne.

Dette blir gjerne omtalt som ei demokratisering av debatten. Kven som helst kan delta her, når som helst. Med så mange debattmoglegheiter ser vi at måten å debattere på varierer frå medium til medium.

Ein tweet på 140 teikn må for eksempel formulerast annleis enn ein kronikk på 6000 teikn. Og ein debattekst som er skriven av nokon som har tenkt seg om lenge og jobba lenge med å setje seg inn i eit tema, vil sjå nokså annleis ut enn ein tekst som er skriven i augneblinken.

Grensa mellom private og offentlege debattarenaer

Når du diskuterer om du og ein venn skal sjå den eine eller den andre TV-serien, er det ein privat debatt. Men dersom du postar ein tweet, ein offentleg Facebook-status eller skriv ein debattartikkel i avisa om kvaliteten på moderne TV-seriar, blir det samfunnsdebatt.

Hugs at grensene sjeldan er så tydelege som i dette eksempelet. Det som i utgangspunktet er tenkt som ein tekst laga for ei lita gruppe, kan fort bli lesen av mange tusen.