Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Den dagen Facebook gjekk i svart

Makthavarar over heile verda har interesse av å kontrollere informasjon om ting som skjer. Dei opplever journalistar som ein fiende og truar dei til å teie. Pressefridommen har derfor ingen verdi viss han ikkje blir følgd opp med pressetryggleik.
Stillbilete frå videoen som viser avrettinga av journalisten James Foley. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Undervisningsopplegget er laga i samarbeid med Kampanjen for journalistikken.

Angrep på journalistar

Pressefolk over heile verda reagerte då ekstremistgruppa IS, Den islamske staten, sende ut ein video som viste halshogginga av den amerikanske journalisten James Foley. Mange valde å byte ut profilbiletet sitt med eit svart sørgjebilete.

James Foley jobba som frilansjournalist. Å vere frilansjournalist betyr at ein ikkje er fast tilsett i ein redaksjon, men arbeider på eiga hand og sel sakene sine til dei redaksjonane som er interesserte. Det gjer at journalisten får større fridom, men også tek større risiko, med fare for eige liv.

Pressefridom og pressetryggleik

Kjersti Løken Stavrum, dåverande generalsekretær i Norsk Presseforbund, uttalte følgjande til NRK Ytring:

Vi skal ikke tåle drap på noen sivile. Men når budbringeren blir tatt til fange og deretter drept, får det noen ringvirkninger det er nødvendig å be om oppmerksomhet om. For det er ikke lenger nok å kjempe for pressefrihet, for friheten til å kunne fortelle hva som skjer og spre fragmenter av virkeligheten slik at summen gir en nødvendig forståelse og innsikt. Drapet på Foley minner om at pressefriheten er uten verdi hvis den ikke pares med pressetrygghet. Nå vet vi at budbringerne er utrygge. Det undergraver selvfølgelig pressefriheten.

Les resten av innlegget Truslene mot budbringerne.

Oppgåve

  • Søk på nettet etter fleire døme på journalistar som anten er eller har vore utsette for stor fare i arbeidet sitt.

  • Kvifor er det viktig å beskytte journalistar?

CC BY-NC-NDSkrive av Grethe Melby og Kampanjen for journalistikken.
Sist fagleg oppdatert 23.02.2018

Læringsressursar

Ytringsfridom, pressefridom og demokrati