Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kvifor gjekk Nobels fredspris i 2021 til to journalistar?

I 2021 fekk den filippinske journalisten Maria Ressa og den russiske journalisten og redaktøren Dmitrij Muratov Nobels fredspris. I denne oppgåva skal de setje dykk inn i grunngivinga for prisutdelinga og diskutere utfordringar for journalistar i dag.
Journalistane Maria Ressa og Dmitrij Muratov tek imot Nobels fredspris i Oslo. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Denne oppgåva kan du jobbe med individuelt, men det er lurt å diskutere med ein medelev når du har svart på alle delspørsmåla.

I 2021 fekk journalisten Maria Ressa og redaktøren Dmitrij Muratov Nobels fredspris. Før du løyser oppgåvene, bør du setje deg inn grunngivinga for utdelinga av fredsprisen. Les denne artikkelen frå NUPI: Nobels fredspris går i år til to kritiske journalister og kunngjeringsteksten frå Nobelinstituttet: Nobels fredspris 2021.

  1. Forklar kvifor Maria Ressa og Dmitrij Muratov fekk Nobels fredspris i 2021.

  2. Kva utfordringar står journalistar overfor i land som Russland og Filippinane?

  3. Kvifor er det viktig at journalistar får gjort jobben sin i land der pressefridom og ytringsfridom står svakt?

  4. Kva tenker du: Er Nobels fredsprisvinnarane frå 2021 "verdige vinnarar"? Kvifor? Kvifor ikkje?

Oppgåve 2

Set dykk saman parvis eller i små grupper. Diskuter i gruppa. Bruk tre–fire minutt per spørsmål.

  1. Kvifor er ytringsfridom og pressefridom så viktig for demokratiet?

  2. Reportere uten grenser (RSF) er ein internasjonal, uavhengig journalistorganisasjon som arbeider for ytringsfridom og pressefridom. Ifølge RSF vart 50 journalistar drepne i 2020. Kvifor trur de så mange journalistar blir drepne på jobb?

  3. Drøft den følgande påstanden: "Journalistar si rolle er viktigare i dag enn for nokre tiår sidan."

Samanfatt i klassen viss de får tid.

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 15.12.2021

Læringsressursar

Ytringsfridom, pressefridom og demokrati