Hopp til innhald
Oppgåve

Ungdom og ytringar

Har du nokon gong late vere å seie meininga di i frykt for å få negative reaksjonar? Mange ungdommar opplever å bli hetsa og latterleggjorde når dei deler meiningane sine. I denne oppgåva skal vi sjå nærare på kva konsekvensar det kan få.

Over 50 prosent av ungdom i dag opplever å få negative reaksjonar i form av hets og latterleggjering når dei seier meininga si. Det viser ei undersøking som Opinion har gjennomført for Stortinget, om ytringar blant ungdom.

Dette kan føre til at mange unge menneske lèt vere å ytre seg.

Jenter er mest utsette. Undersøkinga viser at fleire jenter enn gutar opplever å få negative kommentarar i sosiale medium.

1. Sjå nyheitssaka frå Dagsrevyen på NRK, og les relatert artikkel frå nrk.no:

Relatert innhald

Hets og latterleggjering kan verke avgrensande på ytringsfridommen, for det kan føre til at færre ungdommar torer å ytre seg i offentlegheita. Dette kan få konsekvensar for den offentlege samtalen og demokratiet vårt.

Eit mangfald av stemmer i den offentlege samtalen er ein føresetnad for demokrati. Vi treng det unge perspektivet i samfunnsdebatten. I eit demokrati er meiningsutveksling og usemje grunnleggjande.

2. Gå saman to og to. Reflekter over desse spørsmåla:

  • Har du fått negative reaksjonar, til dømes blitt møtt med hets eller latterleggjering, når du har sagt meininga di?
  • Kva konsekvensar fekk det for deg?
  • Halvparten av dagens unge opplever at ytringar blir møtte med negative reaksjonar. Kva kan det føre til?
  • Ifølgje undersøkinga frå Opinion er jenter mest utsette for negative reaksjonar. Kvifor trur du jenter er mest utsette?
  • Kvifor er det viktig å slå ring rundt ungdom som ønskjer å ytre seg i samfunnsdebatten?
  • Nokon hevdar at unge menneske bør bli tøffare til å fronte meiningane sine, og ikkje late seg stoppe av latterleggjering og hets. Kva meiner du?
  • Kven sitt ansvar er det å leggje til rette for ein open og trygg samfunnsdebatt?

3. Kva kan netthets føre til? Lag ei ordsky.

Gruppeoppgåve: Lag ei ordsky som viser kva gruppa di forbind med konsekvensar av netthets. De kan bruke nettverktøyet Wordclouds til å lage ordskyer.

Ei ordsky er ei visuell framstilling av tekst. Ho blir laga ved at vi set saman ord som passar inn under eit spesifikt tema. Dei mest frekvente orda blir dei mest synlege i ordskya.

Framgangsmåte

  • Del klassen inn i to grupper etter kjønn.
  • Alle jentene noterer fem ulike ord/setningar som dei meiner beskriv ulike konsekvensar av netthets. Gutegruppa gjer det same.
  • Skriv stikkord. Dersom de til dømes meiner at konsekvensar av netthets utfordrar demokratiet, skriv de "utfordrar demokratiet".
  • Deretter legg gruppene stikkorda inn i ordskyer. Kvar gruppe skal lage éi ordsky.
  • Viss fleire i gruppa har notert dei same stikkorda, skriv de dei inn fleire gonger. Det er talet på like ord som avgjer kor store orda til slutt blir i ordskya.
Tips

Unngå å bruke mellomrom mellom ord: Dersom det du skal skrive ned, er ei setning eller eit samansett ord, må du skrive det ned som eit samanhengande ord utan mellomrom. Du kan òg bruke understrekingsteikn mellom orda for å gjere informasjonen meir tydeleg. Til dømes slik: "utfordrar_demokratiet".

  • Til inspirasjon gir vi de nokre døme på andre konsekvensar av netthets:

    • hindrar samfunnsdeltaking
    • avgrensar ytringsfridommen
    • påverkar samfunnsdebatten
    • fråvære av stemmer
  • Skriv til slutt ut ordskyene, og plassar dei på ein godt synleg stad i klasserommet.

4. Refleksjon

Studer dei to ulike ordskyene. Reflekter deretter over desse spørsmåla i klassen:

  • Kva ord er framheva i dei ulike ordskyene?
  • Er det forskjell på kva gutar og jenter oppfattar som konsekvensar av netthets? Kva kan i så fall vere grunnen til det?
  • Kva likskapar er det mellom dei ulike ordskyene?
  • Kvifor er det viktig å setje søkjelyset på ulike konsekvensar av netthets?
  • Korleis kan de bidra til å forhindre netthets?