Arbeidsoppdrag
Ytringsfridommens heltar og skurkar
Lag ei grafisk framstilling av ein person du meiner er, eller har vore, ein forkjempar for ytringsfridom. Eller vel ein person som står for det stikk motsette.
Det grafiske arbeidet skal bli ein del av ei større utstilling som klassen lagar saman. Bodskapen skal vere at ytringsfridom er viktig.
Målet er å skape interesse for personen du framstiller, og lære meir om kva vedkomande har betydd for ytringsfridommen i sitt eige land eller verda samla sett.
Resultatet av arbeidet skal bli ei utstilling av plakatar og korte tekstar som fortel om personen sitt engasjement for ytringsfridom – eller personen si problematiske tilnærming til ytringsfridom.
1) Arbeidsoppdrag
- Start med å gjere research på temaet ytringsfridom.
- Hald fram med å søkje etter informasjon om personar som har kjempa for – eller som framleis kjempar for – ytringsfridom, eller personar som har motarbeidd retten menneske har til ytringsfridom.
- Vel ein kjend person du ønskjer å presentere.
- Set deg inn i fagstoff om grafisk design, som innføring i fargebruk, typografi, form og komposisjon.
- Tenk nøye gjennom kva du ønskjer å kommunisere med det grafiske produktet ditt, og kva verkemiddel du vil bruke for å uttrykkje det du ønskjer.
- Lat deg inspirere av andre sitt arbeid. Finn ulike grafiske framstillingar av portrett. Studer og vurder bruk av fargar, former og komposisjonsprinsipp.
- Finn eit foto av personen som du kan omarbeide. Undersøk kven som har opphavsrett til biletet, og om det eventuelt er lov å publisere ein remiksa versjon av det.
- Produser det grafiske medieproduktet.
- Lag så ein bilettekst på maksimum 100 ord som fokuserer på personen sitt engasjement for ytringsfridom – eller personen si problematiske tilnærming til ytringsfridom.
- Lagre produktet som PDF i A3-format, og skriv det ut. Skriv òg ut biletteksten.
- Set opp ei utstilling.
2) Etterarbeid
Studer den ferdige utstillinga.
Skriv så ei fagleg tilbakemelding til ein medelev:
- Teksten skal fokusere på dei designmessige grepa du tykkjer eleven har brukt på ein god måte.
- I den faglege tilbakemeldinga skal du òg gå inn på korleis medieproduktet kommuniserer. Kjem bodskapen tydeleg fram?
- Kva påverknadskraft har dette medieproduktet? Korleis blir du påverka av denne grafiske framstillinga?
- Vis fagkunnskap, og bruk fagomgrep.
Relatert innhald
FagstoffYtringsfridom og pressefridomI eit demokratisk samfunn har alle lov til å ytre seg. Media har eit spesielt ansvar for å informere om det som skjer, og for å avsløre maktmisbruk.