Hopp til innhald

Fagstoff

Demokrati og maktfordeling

Prinsippet om maktfordeling i eit samfunn blei lansert av statsrettsfilosofen Montesquieu. Utgangspunktet hans var at den som har makt, er tilbøyeleg til å misbruke denne makta. Derfor er det viktig å ha innebygde mekanismar som forhindrar maktmisbruk.

Maktfordelingsprinsippet handlar om at makta i eit demokrati bør fordelast på fleire instansar. I eit autoritært samfunn ligg makta hos éin person eller ein liten elite. Slik var det i Frankrike på 1700-talet før den franske revolusjonen. Den franske statsrettsfilosofen Montesquieu (1689–1755) føreslo derfor ei tredeling av statsmakta, der dei ulike statsmaktene skulle operere uavhengig av kvarandre og hindre kvarandre i maktmisbruk.

Lovgivande, utøvande og dømmande makt

Dei tre statsmaktene han tenkte på, var:

  • den lovgivande makta – som i Noreg er Stortinget
  • den utøvande makta – som i Noreg er regjeringa
  • den dømmande makta – som i Noreg er domstolane
Kongen, Stortinget og domstolane. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Denne tredelinga spelte ei stor rolle då grunnlova vår blei utarbeidd i 1814. Men då parlamentarismen blei innført i Noreg i 1884, blei den utøvande makta gjort direkte avhengig av den lovgivande, som er Stortinget. Regjeringa må ha tilliten til stortingsfleirtalet for å kunne styre.

Vi har altså ikkje lenger tre uavhengige statsmakter. Men vi har framleis eit system der makt stansar makt, eller balanserer makt. Den dømmande makta har til dømes høve til å stille den utøvande makta for riksrett, dersom lova ikkje blir følgd.

Den fjerde statsmakta

Pressa (media) er ein maktfaktor i samfunnet som har vakse fram etter Montesquieu si tid. Media er ei viktig "motmakt" mot andre typar makt i samfunnet, fordi dei har som sjølvpålagd oppgåve å avsløre maktmisbruk. Derfor blir media ofte kalla for "den fjerde statsmakta".

Media har inga formell makt i eit demokrati. Makta til media er ikkje heimla i Grunnlova, og media er ikkje underlagde eit folkevalt styre. Men media har likevel stor makt i offentlegheita, fordi dei er så viktige for at demokratiet vårt skal fungere. Media sørgjer for at borgarane får tilstrekkeleg informasjon til å kunne gjere bevisste val, og opnar for debatt om viktige samfunnsspørsmål.

Medium og maktmisbruk

Samtidig har media mykje makt sjølv, og også denne makta kan misbrukast. Media har derfor etiske retningslinjer som pålegg dei å rette eit kritisk søkjelys på seg sjølv. I Ver varsam-plakaten står det:

1.4. Pressa har rett til å informere om det som skjer i samfunnet, og avdekkje kritikkverdige forhold. Pressa har plikt på seg til å setje eit kritisk søkjelys på korleis media sjølve fyller si samfunnsrolle.

Dette kan fortone seg litt som å "setje bukken til å passe havresekken". Men sidan vi har så mange uavhengige medium, fungerer det gjerne slik at dei set eit kritisk søkjelys på kvarandre. Innlegg i bloggar og sosiale medium kan òg fungere som ein korrigerande faktor.

CC BY-SASkrive av Joachim Laberg.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2021

Læringsressursar

Ytringsfridom, pressefridom og demokrati