Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tekstanalyse av videoen Lenge leve fellesskapet

Saker som set søkjelyset på diskriminering og ulike former for rasisme, kan påverke samfunnsdebatten.
NRK-produksjonen Lenge leve fellesskapet handlar om rasisme og diskriminering. I denne oppgåva skal du lage ein tekstanalyse av videoen.

Kva er tekstanalyse?

Når du lagar ein tekstanalyse, altså analyserer eit medieuttrykk, plukkar du det frå kvarandre for å undersøkje enkeltdelar og finne ut korleis dei er sette saman, og korleis dei fungerer som ein heilskap.

Kvifor analysere medieuttrykk?

Bruk relevant fagterminologi for å forklare og tolke kommunikasjonen i medieuttrykket. Vidare kan du reflektere over til dømes kva påverknadskraft bodskapen har på både enkeltindivid og samfunn.

Les meir om analyse av medieuttrykk her

Tre grunnar til å lære seg tekstanalyse

Analysere for å produsere

Dei som lagar medietekstar, utviklar seg gjennom å lære av kvarandre. Dei ser på andre sine produksjonar med "analyseblikket" og plukkar opp tips og idear dei kan ha nytte av i eige arbeid. Du som er under utdanning, kan òg lære mykje om å skape tekst ved å studere teknikkar som blir brukte av profesjonelle.

Analyse og produksjon er naturlegvis to sider av same sak. Mens vi i analysen plukkar tekstar frå kvarandre, arbeider vi i produksjon med å setje tekstar saman: Raudfargen på kjolen til filmheltinna blir vald ut for at han skal vere eit blikkfang i mengda på dansegolvet. Den tvitydige tittelen på hovudoppslaget i nettavisa er konstruert for at lesaren skal bli nysgjerrig og klikke seg vidare. Ingenting er tilfeldig – gode tekstskaparar veit kva verkemiddel som finst, og korleis dei kan brukast.

Likevel hender det jo at publikum oppfattar medieteksten på ein annan måte enn det som var tenkt. Dette kan vere katastrofalt viss det dreier seg om ei nyheitssak på TV, men det kan berike og gi ein ekstra dimensjon til ein kunstnarisk film.

Analysere for å forske

Ein annan grunn til å analysere medietekstar er at vi ønskjer å finne ut kva som ligg innebygd i dei av kunnskapar og verdiar, korleis dei blir brukte, og korleis dei påverkar enkeltmenneske og samfunn. Her er vi inne på domenet til medieforskarane. Ein medieforskar har ei problemstilling eller eit knippe med spørsmål som ho ønskjer å finne svar på. Tekstanalysen er forskingsmetoden hennar.

Lat oss seie at ho ønskjer å finne ut korleis amerikanske såpeseriar framstiller forholdet kvinner har til yrkeslivet. Det kan ho til dømes gjere ved å ta for seg ei rekkje filmar og kartleggje kva yrke dei kvinnelege rollefigurane har. På denne måten avdekkjer ho verdiar som ligg innebygde i filmane, og kan reflektere over korleis dette kan påverke norske tenåringar, som ofte ser på slike seriar.

Analyse til skulebruk

Når du sjølv får i oppgåve å analysere ein medietekst, kan du kombinere dei to tilnærmingane.

Det finst inga analyseoppskrift for mediefaget. Tekstane er svært ulike, og derfor vil dei krevje ulik tilnærming. I nokre tilfelle vil det vere mest interessant å studere innhald og form, slik du gjer i norskfaget: Kva er bodskapen i teksten, og kva verkemiddel bruker ein for å formidle denne bodskapen?

I andre tilfelle vil det vere interessant å sjå på kva påverknadskraft teksten – eller denne typen tekstar – har på enkeltmenneske og samfunn. Eit døme her kan vere reklamefilmar, som sjølvsagt har til hensikt å fremje sal, men som i tillegg er med på å skape "forbrukarsamfunnet". Vi kan òg snu dette på hovudet: Kva seier denne medieteksten om det samfunnet som han er ein del av? Kva verdiar ber han med seg – meir eller mindre openlyst?

Andre gonger ønskjer du å sjå på brukarar av medietekstar som meir enn berre passive mottakarar. Då kan du stille spørsmål om korleis medieteksten kan brukast. Kan til dømes dramaseriar på TV fungere som folkeopplysning?

1. Forarbeid

Sjå NRK-produksjonen Lenge leve fellesskapet, og reflekter over desse spørsmåla i små grupper:

  1. På kva måte set videoen søkjelyset på ulike spørsmål knytte til diskriminering og rasisme?
  2. Kvifor er det viktig at allmennkringkastaren NRK tek opp spørsmål om rasisme og diskriminering? Trekk linjer til media sitt samfunnsoppdrag.
  3. Kva påverknadskraft har videoar som dette?

2. Skriv tekstanalysen

Ved hjelp av relevant fagterminologi skal du forklare prosessen bak videoen Lenge leve fellessskapet. Du skal analysere medieuttrykket for å finne ut kva element det består av, korleis det er bygd opp, og kva verkemiddel som blir brukte. Du skal òg gå inn på kva verdiar videoen formidlar, og kva påverknadskraft han har. Til slutt skal du reflektere over kva denne videoen seier om si eiga samtid, og trekkje linjer til utfordringane samfunnet har når det gjeld rasisme og diskriminering i dag.

Skriv tekstanalysen som ein heilskapleg tekst. Vis til konkrete døme.

Sirklar, bokstavar og lydbølgjer over eit menneskeansikt. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Spørsmål som kan vere til hjelp i analysen av videoen:

  • Kven er avsendaren?
  • Kva føremål eller meining har avsendaren med dette medieuttrykket?
  • Kven er målgruppa?
  • Kva tema står sentralt i dette medieuttrykket?
  • Korleis er produktet bygd opp? Gå inn på komposisjon og dramaturgi. Vis til konkrete døme.
  • Kva er bodskapen i videoen?
  • Kva verkemiddel blir brukte for å få fram bodskapen i videoen?
  • Kva effekt har bruken av kjendisar i denne produksjonen?
  • Kva påverknadskraft har videoen på deg?
  • Korleis kan denne videoen påverke samfunnsdebatten når det gjeld utfordringar med rasisme og diskriminering?
  • Kva seier videoen om si eiga samtid?

3. Kvalitetssjekk

Før du leverer inn analysen, treng han ein kvalitetssjekk. Jobb saman med ein medelev: Du les teksten til medeleven din, og omvendt. Gi kvarandre konstruktive tilbakemeldingar.

  • Peiker analysen på bodskap, målgruppe og tema på ein forståeleg måte?
  • Går analysen inn på komposisjon, dramaturgi og verkemiddel?
  • Blir fagterminologi brukt på ein bevisst og sjølvstendig måte?
  • Peiker analysen på kva påverknadskraft dette medieproduktet har?
  • Går analysen inn på kva videoen seier om si eiga samtid?
  • Sjå til slutt etter slurvefeil, dårlege formuleringar og svak flyt.




CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen og Trude Løvskar .
Sist fagleg oppdatert 22.01.2021

Læringsressursar

Ytringsfridom, pressefridom og demokrati