Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Yrkesetikk og normer i praksisbedrifta

Yrkesetikk handlar om kva som er rett og gale på arbeidsplassen, og om korleis vi grunngir dei vala vi gjer. Normer er skrivne og uskrivne reglar. Korleis blir det forventa at du oppfører deg i praksisbedrifta? Korleis er yrkesetikken? Når skal vi seie frå?
Figuren Justitia. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1 – yrkesetikk i praksisbedrifta

  • Å gjere eit etisk val handlar om å ta stilling til kva som er rett og gale. Nokre val kan ha ubehagelege konsekvensar, anten for deg sjølv, for ein kollega eller for ein kunde. Beskriv situasjonar i praksisbedrifta di der du kan måtte ta yrkesetiske val.
  • Beskriv dei skrivne og uskrivne yrkesetiske reglane som gjeld i praksisbedrifta.
  • Kva yrkesetiske krav og forventningar har praksisbedrifta til deg?
  • Korleis bør leiaren din opptre med tanke på god yrkesetikk?
  • Kva for nokre etiske dilemma kan oppstå i praksisbedrifta?
Tips
  • Tenk på kvardagslege situasjonar som kan oppstå på arbeidsplassen din, og som gjer at du må ta eit yrkesetisk val.
  • Døme på aktuelle situasjonar:
    • Ein kollega kjem alltid for seint og ber deg dekkje over det.
    • Ein kollega tek stadig med seg småting frå lageret heim.
    • Ein kollega mobbar ein annan kollega.
    • Ein kollega går ofte heim ein halv time før arbeidstida er over, utan at leiaren din veit om det.
    • Ein kollega overser det viss vennene hans eller hennar er i butikken og naskar med seg noko.
    • Ein kollega snakkar alltid i telefonen i staden for å yte service til kundane – viss ikkje leiaren ser det.
    • Ein kollega tek ofte litt for lange lunsjpausar.
    • Ein kollega bruker telefon og anna kontorutstyr til private ting.
    • Du ser eit lite barn som puttar ein tyggis i lomma.
    • Du ser ei gammal dame som puttar varer rett i handveska.
    • Du er invitert på ein tur, men skal eigentleg på jobb. Er det greitt med ei lita kvit løgn?
    • Har du andre døme frå praksisbedrifta di?

Oppgåve 2: normer i praksisbedrifta

  • I alle bedrifter finst det ulike normer. Desse normene fortel noko om korleis det blir forventa at du oppfører deg når du er på jobb. Dei gjeld òg når du er på kurs, på reise og i andre samanhengar der du representerer bedrifta.
  • Beskriv dei skrivne og uskrivne normene som gjeld i praksisbedrifta.
Forretningsfolk går av toget. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 16.04.2020

Læringsressursar

Etikk