Hopp til innhald

Fagstoff

Etiske normer

Etikk dreier seg om å tenkje over kva som er rett og gale, og korleis vi kan grunngi dei vala vi gjer. Yrkesetikk er etikk i arbeidslivet, altså reglar for korleis ein skal oppføre seg på jobben.
Vekter vaktar gatene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi er alle vane med å ta omsyn til ei rekkje skrivne og uskrivne reglar om korleis vi bør oppføre oss mot kvarandre. Dei skrivne reglane finn vi for eksempel i lovverket vårt. Dei uskrivne reglane finn vi ofte i form av samfunnsskapte forventningar til oppførsel – for eksempel at vi skal vere høflege mot andre menneske.

Uttrykket som ofte blir brukt, er god folkeskikk. God folkeskikk kan vi forklare som evna til å oppføre seg riktig ut frå dei skrivne og uskrivne reglane.

Etikk

Med etikk meiner vi læra om kva som er rett og gale. Etikk kan vi også sjå på som eit sett med verdiar og standardar for korleis vi bør oppføre oss.

Etiske reglar kan variere frå person til person og mellom grupper av menneske. Det vil seie at ei handling som éin person synest er etisk akseptabel, kan ein annen person synest er uakseptabel.

Det er ofte dei verdiane vi har med oss frå barndommen, eller som vi lærer gjennom livet, via vennskap og på arbeidsplassen, som gir grunnlaget for vurderinga av om noko er etisk eller uetisk.

Yrkesetikk

Når du byrjar å arbeide i ein bransje – for eksempel i tryggleiksbransjen – vil du fort oppdage at det er forventa at du følgjer ein del yrkesetiske reglar. Med omgrepet yrkesetikk meiner vi dei reglane som gjeld for korleis du bør utføre arbeidet ditt. Desse reglane kan vere både uskrivne og skrivne.

Mange tryggleiksbedrifter har skrive ned både dei viktigaste verdiane (for eksempel å vere ærleg og høfleg) dei vil at dei tilsette skal ha, og kva reglar som skal følgjast i gitte situasjonar (for eksempel når det oppstår ein spesiell situasjon).

Desse retningslinjene – ofte omtalte som etiske retningslinjer – beskriv kva som er tillate i ei bedrift, og kva som ikkje er tillate. Der dei ikkje gir konkrete svar, er dei meinte å støtte dei tilsette i deira eigne vurderingar.

Etikk og tryggleiksarbeid

Til deg som skal jobbe med tryggleiksarbeid, blir det stilt strenge krav til at du følgjer alle skrivne og uskrivne reglar fordi kundane dine må kunne ha full tillit til deg.

Dersom det blir oppdaga svinn eller tvilsam oppførsel, for eksempel blant vektarar som er leigde inn for å handtere tryggleiken på ein arbeidsplass, vil det kunne få store konsekvensar for tryggleiksfirmaet. Firmaet vil i verste fall kunne miste oppdraget.

For den enkelte tilsette får det også konsekvensar dersom han har brote dei etiske retningslinjene i bedrifta. I beste fall får han eit varsel, i verste fall kan han bli sagt opp.

Som yrkesutøvar i tryggleiksbransjen bør du setje æra di i å vere bevisst på både etiske og juridiske reglar. Det er viktig med høy grad av yrkesetikk og yrkesstoltheit. Kvar tryggleiksmedarbeidar må forstå at det blir stilt høgare krav til ein tilsett i uniform enn til tilsette utan. Dette gjeld både på jobb og i fritida.

Eksempel

I eit stort norsk tryggleiksselskap er det innført nulltoleranse for å ta ting med seg heim, ta imot gåver og liknande. Tanken er at den som byrjar å stele – det vil seie med overlegg tar ting frå kollegaer, kundar eller arbeidsgivarar – vanskeleg greier å stoppe. Når det tilsynelatande går an å skaffe seg ting og verdiar på denne måten, er det ofte lett å fortsetje. Det byrjar gjerne med ein kulepenn, men neste gong er det dyrare gjenstandar.

Lovverket som gjeld tjuveri, er straffelova. Dersom tjuveriet frå ei bedrift er utført av ein tryggleiksmedarbeidar, kan konsekvensane for bedrifta, kundeforholdet og omdømmet bli langt alvorlegare enn vanlege «småtjuveri» utførte av tilsette.

Nulltoleransen gjeld også tidstjuveri. Tidstjuveri vil seie at ein tilsett bruker arbeidstida til andre ting (ofte private) enn det som er beskrive i arbeidsinstruksen. Det kan for eksempel vere lange private telefonsamtalar, chatting med venner på sosiale medium, eller handleturar.

CC BY-SASkrive av Vegard Floor Søvik og Monica Gjertsen Steinbakken. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 14.05.2018

Læringsressursar

Etikk