Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Etiske retningslinjer

I arbeidslivet og på skulen støyter vi på mange situasjonar og spørsmål som har ei etisk side. Kva er det gode? Kva er det rette? Kvar går grensa mellom rett og gale?
To hjarte, eitt med vengjer, eitt med horn. Kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Individuelt:

  1. Kva meiner vi med etiske retningslinjer? Søk på internett og finn døme på etiske eller yrkesetiske retningslinjer for tilsette i reiselivsbedrifter, hotell, butikkjeder, IT-firma, transportfirma og liknande.
  2. Kva for etiske retningslinjer har praksisbedrifta di? (Søk på internett og sjå om du finn noko på heimesida til bedrifta.) Om du ikkje har ei praksisbedrift, så vel ei bedrift du liker, og gjer det same.
  3. Beskriv og diskuter etiske dilemma som kan oppstå i bedrifta der du har praksisplass. Kom med forslag til korleis du tenkjer at desse dilemmaa kan løysast.

I klassa:

  • Diskuter dei etiske dilemmaa som kan oppstå der de har praksisplass. Diskuter òg løysingsforslaga. Kan de saman tenkje ut dei beste løysingane?

Relatert innhald

Kva er etiske utfordringar? Her gir vi døme på hjelpemiddel som kan vere til nytte når vi står i valsituasjonar som krev etisk vurdering.

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen og Kjell Rosland.
Sist fagleg oppdatert 19.11.2017

Læringsressursar

Etikk