Hopp til innhald
Fagartikkel

Etiske utfordringar på jobben

Dei fleste av oss kjem opp i situasjonar på jobben der det er viktig å kunne vurdere kva som er rett og gale. Her gir vi døme på hjelpemiddel som kan vere til nytte når vi står i valsituasjonar som krev etisk vurdering.

Kva er yrkesetikk?

Same kva slags jobb vi har, kjem dei fleste opp i situasjonar der det er viktig å vurdere kva som er rett og gale. Etikken kjem til syne i haldningane og handlingane våre. For ein ekspeditør, ein resepsjonist og ein bussjåfør er det god etikk å behandle alle kundar med same respekten. Det er dårleg etikk å la kundebehandlinga bli påverka av hudfarge, funksjonshemming, religion, kjønn eller legning.

Somme yrkesgrupper og firma har utarbeidd eigne etiske reglar. Reglane gjer oss ikkje meir etiske, men gjennom etiske øvingar kan vi bli meir vakne og ansvarlege når vi skal velje mellom rett og gale.

Etiske utfordringar

I arbeidslivet og på skulen støyter vi på mange situasjonar og spørsmål som har ei etisk side. Kva er det gode? Kva er det rette? Kvar går grensa mellom rett og gale?

Vi kan tenkje oss mange spørsmål som krev etiske refleksjonar:

  • Kan vi investere pengar i noko som gir stor økonomisk gevinst på kort sikt, jamvel om vi handlar i strid med vanlege normer?
  • Kan vi ta den prisen marknaden er villig til å betale for eit særskilt produkt, jamvel om denne prisen blir rekna som urimeleg høg?
  • Er det greitt å snakke nedsetjande om produkta til konkurrentane for å framheve våre eigne produkt?
  • Kan vi stillteiande godta at arbeidsplassen vår slepper ut forureinande stoff dersom vi veit at det er liten sjanse for at det blir oppdaga?

Smørjing

Ei gåve kan vitne om hyggeleg omtanke. Men i arbeidslivet er det kort overgang til smørjing for å skaffe seg fordelar. Stadig fleire medarbeidarar blir utsette for smørjing. Undersøkingar viser at forsøk på smørjing er vanleg i mange bransjar.

Kva er det greitt å gi til forretningskontaktar? Når er det greitt å bli med ein leverandør på tur – eller å invitere ein kunde? Kva bør eg tenkje på om det blir aktuelt å dekkje utgifter for moglege kundar? Kva er greitt og kva er ikkje greitt når det gjeld smørjing?

Korrupsjon

I straffelova er korrupsjon definert som «å gi/tilby eller kreve/motta/akseptere en utilbørlig fordel i anledning stilling, verv eller oppdrag». Korrupsjon er ikkje berre uetisk, det kan straffast med fengsel i inntil tre år – og inntil ti år for grov korrupsjon.

Kvifor er det så viktig å ta opp kampen mot korrupsjon?

  • Korrupsjon er eit trugsmål mot rettsstaten, demokratiet og menneskerettane fordi korrupsjon svekkjer etiske og moralske verdiar.
  • Korrupsjon er det største hinderet for sosial og økonomisk utvikling i den tredje verda.
  • Korrupsjon skaper forskjellsbehandling og hindrar sosial rettferd.
  • Korrupsjon undergrev ærleg konkurranse og fører til konkurransevriding.
  • Korrupsjon kan påføre bedriftene direkte økonomiske tap og tap av omdømme.

Etisk sjekkliste

Enkle sjekklister og spørsmål kan vere til stor hjelp når vi er i tvil om kva som er rett og gale, klokt og uklokt. Mange organisasjonar og bedrifter har etiske sjekklister for medlemmer og tilsette.