Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva for verdiar er viktige for deg?

Når vi står overfor konkrete val, verkar verdiane som ei rettesnor for å finne ut kva alternativ som er best. Det gjeld anten det dreier seg om dei store spørsmåla i tilværet eller små, kvardagslege spørsmål. Kva er viktige verdiar for deg?
Symbol for å bry seg – eit eple forma som eit hjarte. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Individuelt: Sjå på verdiane som er lista opp nedanfor, og reflekter over kva for nokre av dei som er aller viktigast for deg. Noter ned desse, med ei grunngiving for kvifor dei er viktige for deg.

  • vere ansvarleg
  • ha pengar og materielle ting
  • ikkje jukse
  • ikkje diskriminere menneske
  • vere hjelpsam
  • vere lovlydig
  • lytte til andre menneske
  • vere omtenksam
  • vere pliktoppfyllande
  • vere rettvis
  • vere trufast mot venner
  • vere ærleg

I gruppe på 3–4 elevar: Ta med notata dykkar og gå ein tur rundt skulen mens de diskuterer og grunngir verdiane dykkar.

I klassa: Presenter nokre av verdiane dykkar – med grunngivingane. Reflekter over grunngivingane og diskuter korleis verdiane dykkar oppstår, og kvifor verdiar er viktige.

Relatert innhald

Kva er etikk? Etikk dreier seg om å tenkje over kva som er rett og gale, og korleis vi kan grunngi dei vala vi gjer.

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen og Kjell Rosland.
Sist fagleg oppdatert 19.11.2017

Læringsressursar

Etikk