Hopp til innhald

Fagstoff

Ny mobil same kva det kostar?

Mobilen din er død, og du må ha ein heilt ny. Du gruar deg fordi du veit det kjem til å bli dyrt! Men kven er det eigentleg som betaler prisen? Kva med belastninga på miljøet? Treng du eigentleg ein heilt ny telefon? Finst det berekraftige mobiltelefonar?

Diskuter

  • Ville de vore villige til å betale meir for mobilen viss de visste at han var produsert på ein miljøvennleg og rettferdig måte?
  • Kor ofte er det «greitt» å byte ut mobilen?
  • Kunne de tenkje dykk å reparere ein øydelagd mobil i staden for å byte han ut med ein ny?
  • Nokre meiner at mange produkt er konstruerte slik at dei skal ha kort levetid. Kva synest de om det?
  • Kven sitt ansvar er det at produkta vi kjøper, er berekraftige?
CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 04.06.2020

Læringsressursar

Etikk