Hopp til innhald

Fagstoff

Konsekvensar av god og dårleg etikk

Tap i form av svinn i handels- og servicenæringa er talfesta til mellom to og fem milliardar kroner i året. Det blir hevda at dei tilsette i bedriftene står for 50–70 % av dette. Kva gjer dette med ømdømmet til bransjen, trur du?
Kasseapparat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etikk er lønnsamt

To bransjar kjem ofte i eit negativt søkjelys når det gjeld svinn og snusk: handels- og servicenæringa og handverkarar. Den første er kjend for svinn, den andre for snusk. Tapa blir store fordi begge bransjane er store.

Låg yrkesetisk standard valdar samfunnet kostnader for milliardar av kroner årleg.

Godt omdømme

Dei siste åra har det vore fleire døme på ulovleg og uetisk åtferd som har gitt bedriftene dårleg omtale. Dårleg omtale går ikkje berre ut over den aktuelle bedrifta, men kan råke ein heil bransje.

I forbrukarundersøkingar har folk blitt bedne om å rangere ulike bransjar etter lovmoral.

Spørsmålet var: I kva grad har du tillit til at bransjen etterlever dei lovene og reglane som skal verne deg som forbrukar?

Bransjelovlydighet
Opne bilete i eit nytt vindauge

Resultatet var slik:

Mykje negativ omtale i massemedia førte til at taxinæringa kom dårlegast ut. Trass i at den dårlege omtalen er knytt til enkeltpersonar og enkeltsaker, tenkjer mange at taxinæringa er useriøs og til dels kriminell. Slik har heile næringa fått eit dårleg omdømme.

Hovudregel

God etikk gir godt omdømme – dårleg etikk gir dårleg omdømme. Er vi i tvil om kva som er det rette, kan svaret på spørsmålet nedanfor vere ei praktisk rettesnor: Korleis vil denne handlinga ta seg ut som førstesidestoff i avisa i morgon?

Tenk over

Ein servicemedarbeidar representerer ikkje berre seg sjølv og bedrifta ho eller han er tilsett i, men ei heil næring (bransje). I mange næringar innanfor service og samferdsel er medarbeidarane synlege for folk flest. Når ein buss- eller drosjesjåfør køyrer aggressivt, bryt fartsgrensa eller behandlar passasjerane uhøfleg, er det lett for passasjerar og andre trafikantar å tenkje at slik er denne bransjen.

Relatert innhald

Mange val er vanskelege fordi det er så mange omsyn å ta. Når vi blir trekte mellom ulike omsyn, seier vi at vi har eit etisk dilemma.

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 18.11.2017

Læringsressursar

Etikk