Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Gruppeoppgåver i etikk

Dei fleste av oss kjem opp i situasjonar på jobben der det er viktig å kunne vurdere kva som er rett og gale. Her skal du jobbe med nokre etiske dilemma som kan forekomme i serviceyrker.
Kvinne som gjer ein mann pengar mens de skriv ein kontrakt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. «Smøring»

  1. Forklar omgrepet «smøring». Kom med minst tre døme på kva dette kan vere. Finn minst to avisoppslag som viser døme på «smøring».

Oppgåve 2. Korrupsjon

  1. Forklar omgrepet «korrupsjon», og kom med minst tre døme på kva det kan vere. Finn eit avisoppslag / ein artikkel som fortel om korrupsjon.
  2. Drøft i kva bransjar de trur dette kan førekomme i Noreg og i andre land. Presenter minst tre konkrete tiltak som kan forhindre korrupsjon, og forklar korleis dei kan gjennomførast.

Oppgåve 3. Etikk og moral

  1. Forklar omgrepet «etikk», og omgrepet «moral». Kom med døme på kva dette er. Lag utkast til ei etisk sjekkliste, til dømes for eit idrettslag, for skolen eller for ein organisasjon du/de kjenner. Utkastet skal presenterast og grunngivast. Forklar også korleis god moral kan opparbeidast i ei bedrift, og kom med konkrete tiltak.
  2. Drøft kort korleis media, spesielt reality-tv (Paradise Hotel, Robinson, Farmen, Sinnasnekker'n o.l.), kan påverke oppfatninga vår av etikk.
CC BY-SASkrive av Cathrine Prestøy Olsen.
Sist fagleg oppdatert 11.04.2018

Læringsressursar

Etikk