Hopp til innhald
Oppgåve

Undersøk gruvedrift i Kongo

Gjennom gruvedrift i Kongo blir det gravd ut mineral som blir brukt i mobiltelefonane våre. Det er konfliktar, brot på menneskerettane og sosiale problem knytte til gruvedrifta. I tillegg har dette miljømessige utfordringar.

Kjelde

OD-dagen i 2019 gjekk til undervisning, opplæring om rettar og støtte til barn og unge som jobbar i gruvene i Aust-Kongo. Du kan lære meir om forholda dei jobbar under ved å sjå på kampanjesiden for OD 2019.

Oppgåve

  1. Finn ut kvifor gruvene og gruvearbeidet i delar av Kongo blir utnytta av militære grupper.
  2. Korleis er arbeidsforholda i gruvene? Kvifor er det mange unge som jobbar i gruvene?
  3. Kva er det som gjer at utvinninga av mineral frå desse gruvene er dårleg nytt når det kjem til berekraft både når det gjeld sosiale forhold og miljø?
  4. Finst det gruvedrift som ikkje utnyttar arbeidskraft og skaper konfliktar i lokalområdet? Undersøk gruvedrift og mineralutvinning i Kongo.
  5. Når du har jobba med desse spørsmåla – kva tenkjer du om forbruket vårt av mobiltelefonar og nettbrett? Kva kan løysinga vere viss ein framleis er avhengig av desse minerala for å produsere denne typen teknologi?