Hopp til innhald
Oppgåve

Digitale salsplattformer og service

I denne oppgåva skal du reflektere over og gjere greie for kva digitale salsplattformer har å seie for service og sal av produkt.

Oppgåve

  1. Forklar kva som blir meint med digitale salsplattformer. Kan du nemne nokon kjende digitale salsplattformer?

  2. Nettsal kan gå føre seg gjennom fleire digitale plattformer. Gjer greie for nokre digitale salsplattformer ei bedrift kan nytte. Drøft fordelar og ulemper med dei ulike digitale salsplattformene.

  3. Kva meiner du kjenneteiknar god service ved netthandel?

  4. I kva grad trur du service er viktig ved netthandel? Grunngi svaret.

  5. Har du nokon gong opplevd dårleg service ved kjøp på nettet? Kva skjedde? Det blir sagt at det skal ti gode service-opplevingar til for å vege opp for éin dårleg. Kva tenkjer du om det?

  6. Drøft påstanden: "Service er like viktig på nettet som i fysiske butikkar."