Hopp til innhald

Fagstoff

Salsplattformer i reiseliv

I reiselivsnæringa er det mange kanalar som blir nytta for sal, og sal blir utførte av mange ulike yrkesgrupper. Sal går føre seg både over internett og ansikt til ansikt i reisebyrå eller på messer. Reiselivet var tidleg ute med å ta i bruk netthandel.
Nærbilete av hendene til person som bruker eit nettbrett til å booke ei reise. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvar kjøper kundane?

Sal inneber å få ordrar som gir inntekter. Alle aktivitetar og kanalar som bidreg til sal – direkte eller indirekte, kortsiktig eller langsiktig – er ein del av salet. I reiselivet blir det selt gjennom mange kanalar og av mange yrkesgrupper.

Kjøp og sal kan gå føre seg i mange former, til dømes

  • ansikt til ansikt på reisebyrå eller messer
  • ved bruk av telefon
  • over internett

Ansikt til ansikt

Enkelte kjøparar føretrekkjer å møte seljaren ansikt til ansikt. Då kan dei få direkte svar på spørsmåla sine om produktet, prisar, tilleggsytingar og så vidare.

Oppsøkjande

Seljaren kan oppsøkje eksisterande kundar eller nye kundeemne. Spesielt ved sal til bedriftsmarknaden er det vanleg at seljaren avtaler eit møte med kunden. Oppsøkjande sal krev mykje tid og kostar mykje per besøk.

Jo større salspotensial tilbodet vårt har, desto større ressursar kan vi leggje i salsarbeidet. Ein bedriftsavtale om til dømes flytransport, overnattingar, kurs, seminar og konferansar kan ha eit stort salspotensial.

Besøkjande

Kjøparar kan oppsøkje seljar på ein utsalsstad, som til dømes eit reisebyrå eller ei messe. Her kan dei få personleg service og hjelp til å få sett saman ei spesiell reise. Det kan til dømes vere ei reise til ein stad som krev fleire ulike typar transport og overnattingar.

Forhandlarar

Her tenkjer vi spesielt på reisebyrå og reisekonsulentar som sel reiselivsprodukt frå éin eller fleire leverandørar. Forhandlaren kan opptre som meklar for kunden for å finne eigna produkt til fornuftig pris. Ho eller han kan òg forhandle om prisen ved å innhente fleire anbod eller setje leverandørar opp mot kvarandre.

Døme på forhandlarar er turoperatørar, reisebyrå og reisekonsulentar. Dei får ei godtgjering – provisjon – av leverandørane. Dei får òg støtte i form av til dømes opplæring og reklamemateriell.

Telefon

Over telefonen kan initiativet til kjøp og sal bli teke både av seljaren og kjøparen. Telefonen gjer det mogleg å kome i kontakt med mange kundar på kort tid og med låge kostnader per kundekontakt. Dersom du tek sikte på å få ordren direkte over telefon, er utgåande telefonsal ei krevjande form for sal, spesielt ved sal til nye kundeemne. Derfor bruker mange telefonen til å avtale eit møte eller til å be kunden sjå nærare på eit tilbod.

Innkomande telefonførespurnader er ofte enklare å handtere enn utgåande. Kjøparen har teke initiativet, døra står open for seljaren.

Internett

Store delar av reiselivet tilbyr netthandel. Vi kan kjøpe opplevingar, aktivitetar, pakkereiser, fly-, tog- og bussbilletter, leige bil og reservere hotellrom på internett.

Innovasjon Noreg er ein viktig støttespelar for marknadsføringa av Noreg som ferieland, både i Noreg og internasjonalt. På nettsida til Visit Norway finn du eit stort utval av overnattingsstader, flyreiser, cruise, ferjer og billeige, og forslag til aktivitetar for reisa di til og i Noreg. Her er det òg ei online bestillingsteneste.

Visit Norway

På nettsida til visitnorway.no kan du finne mange reisetips og sjå korleis Noreg blir marknadsført til utlandet.

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 19.05.2021

Læringsressursar

Digitale salsplattformer