Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ticket reisebyrå

I denne oppgåva skal du utforske og vurdere korleis Ticket reisebyrå bruker ulike salsplattformer.
Kunde og kundebehandlar på eit reisebyrå. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. Gå inn på nettsida til Ticket reisebyrå (ticket.no). Kva synest du om brukarvennlegheita til nettsida?

  2. Som kunde kan du mellom anna besøkje Ticket reisebyrå på nett, ringe callsenteret eller kontakte dei på sosiale medium. Dei har òg nokre fysiske butikkar rundt om i Noreg. Kva trur du er den viktigaste salsplattforma til Ticket reisebyrå? Grunngi svaret.

  3. Det er fordelar og ulemper både med å bruke nettsida og å besøkje dei fysiske butikkane til Ticket reisebyrå. Set opp ei liste der du skriv ned dei fordelane og ulempene du kjem på.

  4. Drøft påstanden: "At Ticket reisebyrå er til stades på fleire salsplattformer, har stor betydning for imaget deira."

  5. Kva meiner du kjenneteiknar god service? Kvifor er service så viktig, trur du? Grunngi svaret.

  6. Beskriv korleis du meiner ei god serviceoppleving på eit reisebyrå kan sjå ut. Korleis vil du vurdere betydninga av service for Ticket reisebyrå?

  7. Gjer greie for dei ulike typane av service. Kom med konkrete døme på kva for servicetypar som gjeld for Ticket reisebyrå. Ta gjerne utgangspunkt i ein ferietur til Mallorca.

Relatert innhald

Det finst ulike typar service. Vi kan skilje mellom materiellservice, systemservice, personleg service og sjølvservice.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 30.06.2021

Læringsressursar

Digitale salsplattformer