Hopp til innhald

Fagstoff

Digitale salsplattformer

Digitale salsplattformer er òg kjende som netthandelsløysingar, der seljarar og kjøparar møtest for å handle online. Det er mange ulike løysingar, både nettbutikkar og marknadsplassar. Ei av dei mest kjende salsplattformene i verda er marknadsplassen Amazon. I Noreg er finn.no den mest kjende.
Nettside henta frå finn.no. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein stadig større del av all handel som blir gjord, går føre seg via nettbaserte salsplattformer. Desse kjem i mange variantar som har ulike bruksområde, fordelar og ulemper. For bedrifter er det viktig å ha oversikt over dei relevante alternativa for sal innanfor bransjen deira.

Kva salsplattformer finst?

For å få ei heilskapleg oversikt over salsplattformer skal vi først ta utgangspunkt i rolla som kjøpar. Denne rolla har du sannsynlegvis mest erfaring med så langt.

Tenk over

Du ønskjer å kjøpe ei rekkje ulike varer og tenester på nettet. Korleis ville du ha gått fram for å finne ut kvar du skal kjøpe dei ulike produkta frå?

Vi har ofte eit titals salsplattformer vi bruker jamleg, og det finst tallaust mange der ute. Kvar enkelt salsplattform er tilpassa ein bestemd type handel og fokuserer på eit utval av produkt, som oftast innanfor ein region.

Når seljar skal velje plattformer

Nettsal kan gå føre seg gjennom mange digitale plattformer, og det er vanleg for ei bedrift å bruke fleire. Kor mange salsplattformer ei bedrift vel å bruke, er ei avveging mellom kostnader, både i form av arbeidstid og andre kostnader, og nytta i form av auka sal.

Eigne nettsider

Eigne nettsider er ei fin plattform for sal, men også for service og promotering av produkt og bedrifta. Sjølv ei enkel nettside utan nettbutikk kan brukast til å gi informasjon om produkta som blir selde. Her kan det oppgivast prisar og kontaktinformasjon til seljarar, og bedrifta kan ha ein chatfunksjon for potensielle kundar.

Ulempa med eigne nettsider er at det er stor konkurranse om å få treff i søkjemotorane på nettet. Dette gjer at ei nettside kan ha få besøkjande, sjølv om det finst mange aktuelle kundar. Men fordi nettsider er ei relativt billig plattform som kundar forventar å finne, vel mange bedrifter å ha eigne nettsider.

Eigen nettbutikk

Å leggje til nettbutikkfunksjonalitet på eiga nettside kan gjerast på fleire måtar og treng ikkje vere vanskeleg. Dei som har IT-kompetanse, kan setje opp nettbutikk frå grunnen av ved hjelp av gratis programvare. Dette kostar lite i reine pengar, men kan ta mykje arbeidstid, og ansvaret ligg heilt og fullt på bedrifta. Det kan òg vere vanskeleg å få lagt til ønskte betalingsløysingar og å sikre systema godt nok.

Alternativt kan nettbutikkprogramvare kjøpast inn frå ein leverandør. Her finst det mange alternativ og grader av integrasjon. Det er ikkje uvanleg å ha ein nettbutikk som er synkronisert med varelageroversikt, slik at informasjon om tilgjengelege varer berre trengst å oppdaterast ein stad.

Mange nettbutikkar er opne ut mot kunden, og kven som helst kan sjå prisar og leggje inn bestillingar. Det er òg ein del som krev manuell registrering av brukarkonto, og der prisar ikkje er offentleg synlege før du er innlogga.

Kvifor trur du at nokon nettbutikkar ikkje oppgir prisen på produkta dei sel?

Med ordinære nettsider kan det vere vanskeleg å nå ut til aktuelle kundar. For større, kjende bedrifter er det enklare enn for nye og mindre aktørar.

Eksterne salsplattformer

Det finst i dag òg ei rekkje eksterne salsplattformer som koplar kjøper og seljar, og desse blir gjerne kalla marknadsplassar. Bedrifter kan kjøpe nærvær på desse salsplattformene, til dømes på finn.no. Sidan dei eksterne salsplattformene som oftast er store og kjende aktørar, kan det vere enklare å nå ut til aktuelle kundar via dei.

I nokre tilfelle tilbyr dei eksterne salsplattformene òg betalingssystem, som Ebay. Dette kan gjere terskelen for å bruke tenestene deira lågare.

Ulempa med å nytte seg av eksterne salsplattformer er at prisen for tenestene med vidareformidling kan vere høg.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård og Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 26.04.2021

Læringsressursar

Digitale salsplattformer