Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva salsplattformer bruker du?

Ein stadig større del av all handel blir gjord via nettbaserte salsplattformer. Desse kjem i mange variantar med ulike bruksområde, fordelar og ulemper. Som seljar bør du ha oversikt over relevante salsplattformer for bransjen til bedrifta. Kva plattformer kjenner du til, og kva for nokre bruker du?
Skjermbilete frå finn.no. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Tenk deg at du ønskjer å kjøpe ei rekkje varer og tenester på nettet. Fleire av desse tinga har du sikkert aldri kjøpt. Korleis ville du ha gått fram for å finne ut kvar du skal kjøpe dei ulike produkta frå?

  1. Søk opp produkta nedanfor på nettet, og skriv ned kva for nokre digitale salsplattformer du kan bruke for å kjøpe dei.

    • eit par sko

    • takeaway-mat med levering

    • takeaway-mat der du sjølv dreg for å hente maten

    • ein ny berbar Windows-datamaskin

    • ein brukt berbar datamaskin

    • ein ny berbar Apple-datamaskin

    • flybillett frå Trondheim til Oslo

    • flybillett frå Oslo til Denpasar på Bali i Indonesia

    • ei natts hotellovernatting i Stavanger

    • 100 meter med 2-tommars vassrøyr

  2. Samanlikn funna dine med det andre elevar i klassen har funne. Har dei brukt dei same plattformene som deg, eller brukte dei nokon andre?

Oppgåve 2

  1. Lag deg ei liste over salsplattformer du kjenner til for dei følgjande kategoriane:

    • kjøp av nye klede

    • kjøp av interiørartiklar

    • brukthandel i nærområdet

    • handel av matvarer for heimlevering

    • reiser

  2. Samanlikn lista di med listene til andre elevar i klassen. Har dei med dei same salsplattformene som deg, eller har dei teke med nokon andre?

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 22.04.2021

Læringsressursar

Digitale salsplattformer