Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk salsplattforma til Oda.no

I denne oppgåva skal de utforske Oda.no si salsplattform og vurdere betydninga av service for Oda.no.
Seks gule varebilar som står utanfor hovudlageret til Kolonial.no, som nå heiter Oda.no. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lytt til podkasten nedanfor. I podkasten høyrer de eit intervju med Jon Kåre Stene, medgründer i Oda.no, tidlegare Kolonial.no.

Distribusjon

0:00
-0:00

Oppgåver

Finn relevant informasjon på nettsida oda.no.

  1. Utforsk og beskriv salsplattforma til Oda.no.

  2. Vurder fordelar og ulemper med Oda.no samanlikna med fysiske daglegvarebutikkar.

  3. Beskriv korleis de synest ei god serviceoppleving bør vere ved kjøp av daglegvarer på nett. Korleis vil de vurdere betydninga av service for Oda.no?

  4. I april 2021 bytte Kolonial.no namn til Oda.no. Kva synest de om namnebytet, og kva trur de er årsaka til at Kolonial.no bytte namn?

  5. Drøft følgjande påstand: "Daglegvarehandelen i framtida vil først og fremst gå føre seg på nett."

Forslag til korleis de kan arbeide med oppgåvene
  • Jobb gjerne i par.

  • Presenter svara for klassa.

  • Diskuter oppgåvene i klassa til slutt.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 29.06.2021

Læringsressursar

Digitale salsplattformer