Hopp til innhald
Oppgåve

Nettbutikk som salsplattform

I denne oppgåva skal du utforske to sjølvvalde nettbutikkar og reflektere over netthandelen i framtida.

Oppgåver

  1. Vel ut to nettbutikkar som har internett som den viktigaste salskanalen sin. Gå inn på nettbutikkane, og utforsk og vurder produktutval, brukarvennlegheit, betalingsløysing og utforming og design.

    Kva tenkjer du er styrkane til desse nettbutikkane samanlikna med fysiske butikkar, sett frå både perspektivet til forbrukaren og bedrifta?

  2. Kva betydning trur du servicen har for salet av produkt i dei to nettbutikkane du har valt?
  3. Set opp ei liste med fem til ti punkt med kva som skaper gode brukaropplevingar i nettbutikkar.
  4. Det er ein stadig vekst i netthandel. Drøft fordelar og ulemper med å handle på nett.
  5. Reflekter over kva du trur kjem til å kjenneteikne netthandelen i framtida og måten bedrifter vil bruke digitale salsplattformer på.
  6. Drøft påstanden: "Alle bedrifter bør nytte seg av nettbutikk og/eller andre digitale salsplattformer."