Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Steike eller koke?

Ved tillaging av kjøtt vel vi ofte tillagingsmetode etter kor mør stykkingsdelen er. I denne oppgåva skal du steike ei skive indrefilet, som blir rekna som mørt kjøtt, og ei skive bankekjøtt eller rundsteik, som blir rekna som seigare kjøtt.
To kjøttstykke blir steikte i ei panne med smør og timian. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Steiking av kjøttstykke med ulik mørheitsgrad

  • Steik ei skive indrefilet i ei steikepanne til du meiner ho er ferdig steikt.

  • Steik ei skive bankekjøtt eller rundsteik i ei steikepanne til du meiner ho er ferdig steikt.

  • Smak på begge skivene, og finn ut kva for ei du meiner er best på smak og konsistens.

Oppgåve 2. Koking av kjøttstykke med ulik mørheitsgrad

  • Kok ei skive indrefilet i ein kjele med kraft i cirka to timar.

  • Kok ei skive bankekjøtt eller rundsteik i ein kjele med kraft i cirka to timar.

  • Smak på begge, og finn ut kva for ei du meiner er best på smak og konsistens.

Oppgåve 3. Vurdering

  • Vart det nokon forskjell på smak og konsistens på indrefilet og bankekjøtt/rundsteik som kokt eller steikt?

  • Kva trur du er grunnen til det eventuelt vart forskjell på smak og konsistens?

  • Korleis vil du tilrå å lage ein indrefilet for at han skal smake best mogleg?

  • Korleis vil du tilrå å lage ei skive bankekjøtt eller rundsteik for at ho skal smake best mogleg?

CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 12.12.2022

Læringsressursar

Tillaging av kjøt