Tillagingsmetodar for kjøt – temaoppgåve
- vise at du kan velje riktig kjøtprodukt til ulike tillagingsmetodar
- vite kva som skjer med smak og mørheit i kjøtet ved bruk av ulike tillagingsmetodar
De må planleggje oppgåvene slik at de kan jobbe med både den teoretiske og den praktiske oppgåva samtidig. Det er sett av ei undervisningsøkt på sju timar til oppgåvene. Svaret blir levert etter avtale med læraren.
Frå kva dyr og kva del eller muskel på dyret vil de velje kjøt for å lage desse rettane?
- lapskaus
- fårikål
- biff
- pinnekjøt
- ribbe
- spekeskinke
- fenadlår
- medisterpølse
- karbonadar
- biff tartar
Skriv opp kva tillagingsmetode de vil nytte når de skal lage desse rettane. Grunngi svaret!
Lag eit oversiktleg svar, til dømes i ein tabell.
Klassen blir delt inn i grupper på tre eller fire elevar.
Etter avtale med læraren skal alle rettane blir serverte til prøvesmaking.
- Kvar gruppe skal skrive ein rapport om korleis dei opplever mørheit og smak på kjøtet. Kvar gruppe skal levere ein rapport.
- Som oppsummering av undervisningsøkta skal kvar gruppe presentere ein konklusjon etter smaksprøvene.
- Det er viktig at de får fram korleis de opplever mørheit og smak på kjøtet.
Annan info:
Gruppe 1 lagar brun saus.
Gruppe 2 koker poteter og smørdunstar gulrøter.
Gruppe 3 blansjerer og gjer klar blomkål og brokkoli.
Gruppe 4 dekkjer borda.
Mengder og tidspunkt for måltidet blir avtalt med læraren.
Gruppe 1
De får utlevert 600 g bankekjøt.
- 200 g skal de steikje som ein biff i panna.
- 200 g skal de brune og koke i kraft i 30 minutt.
- 200 g skal de brune og koke i kraft i 1,5 timar.
Gruppe 2
De får utlevert to skinkesteiker à 1 kg.
- Den eine skal de binde opp, brune og steikje i omnen på 180 grader i 1,5 timar.
- Den andre skal de binde opp, bruna og bresere i omnen på 120 grader i 2,5 timar.
Gruppe 3
De får utlevert 600 g mørbrad av storfe.
- 200 g skal de leggje i kald panne med smør og steikje medium steikt.
- 200 g skal de leggje i god og varme panne med smør og steikje medium steikt.
- 200 g skal de brune raskt på begge sider i ei varm panne og deretter koke i buljong i fem minutt.
Gruppe 4
De får utlevert 500 g karbonadedeig, 500 g kjøtdeig og 500 g medisterdeig.
- De skal lage karbonadar av kjøtdeigen.
- De skal lage karbonadar av karbonadedeigen.
- De skal lage "karbonadar" av medisterdeigen.
Det er viktig at de nyttar same oppskrift til alle dei ulike deigane.