Rått kjøt
Kjøtet må vere mørt og med god smak. Sidan kjøtet ikkje blir varmebehandla, er det veldig viktig at du ikkje slurvar med hygienen. For å vere på den sikre sida kan du velje å fryse kjøtet først.
Carpaccio og tartar er kjende rettar som blir laga av rått kjøt. Grave kjøt er rått kjøt som får ein bestemd smak gjennom gravingsprosessen.
Carpaccio er ein italiensk rett som består av lauvtynne skiver av rått kjøt, serverte med parmesan, olivenolje og salat.
Framgangsmåte
- Skjer tynne skiver av indre- eller ytrefilet av okse. Til carpaccio kan det vere ein fordel å fryse kjøtet først, for det er enklare å skjere tynne skiver av kjøtet medan det er halvfrose.
- Legg skivene fint utover på ein tallerken og smak til med salt og pepar.
- Hell over olivenolje, litt sitronsaft, riven parmesan og ruccolasalat.
Carpaccio kan òg lagast med kjøt frå kval, vilt eller kalv.
Biff tartar er finhakka rått biffkjøt som blir servert med rå eggeplomme, raudlauk, sylteagurk, kapers og raudbete.
Framgangsmåte
- Reinskjer kjøtet nøye.
- Du kan velje å kverne kjøtet, finhakke det eller skrape kjøtet med ein kniv.
- Smak kjøtet til med salt og pepar, og legg opp på tallerkenar.
- Server med rå eggeplomme, finkutta raudlauk, sylteagurk, kapers og raudbete.
Grave kjøt består av mørt kjøt som er marinert i like delar sukker og salt, krydder og eventuelt brennevin.
Framgangsmåte
- Lag ei blanding av sukker, salt og dei smaksstoffa du ønskjer.
- Dryss litt av sukkerblandinga i ei form, og legg på kjøtet. Drypp eventuelt brennevin over kjøtet og strø resten av blandinga over.
- Dekk forma med folie og legg ei skjerefjøl eller ein tallerken med vekt på oppå kjøtet. Sett kjøtet på kjøl og la det stå i to–tre dagar. Snu på kjøtet eit par gonger undervegs.
- Tørk av kjøtet og skjer det i tynne skiver.
I denne videoen får du sjå ulike tillagingsmetodar for rått kjøt.