Hopp til innhald

Fagstoff

Sprøtt element

Korleis synest du softis smaker utan noko sprøtt strødd oppå? Kanskje litt kvalmande? Kva med pølse utan sprø lauk? Litt kjedeleg?


Kva med dipp utan potetgull? Det blir kanskje litt mektig? Dette er kombinasjonar du kanskje kjenner godt frå barndommen, og det er ofte dei same mekanismane som gjer ein rett komplett. Sprøheita reinsar litt opp og skaper kontrastar idet du et retten eller ingrediensen. Viss du har smakt ribbe utan sprø svor, forstår du kanskje kva vi meiner. Ribba blir fort kjedeleg og mektig. Sprø ribbe verkar derimot mykje lettare og meir interessant, og ho har mykje betre smak.

Oppskrifter til rettane i filmen finn du her:

Oppskrifter sprøtt element nn

CC BY-SASkrive av Kjartan Skjelde.
Sist fagleg oppdatert 11.12.2020

Læringsressursar

Sensorikk